Ung forskar kåra til «TIME’s kid of the year»

Heman Bekele (15) har utvikla ei såpe som skal førebyggja utvikling av hudkreft.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg kom berre på ein idé. Eg jobba med den idéen og fekk til å setja idéen ut i livet, seier Heman Bekele til TIME Magazine.

Det amerikanske magasinet TIME har nyleg kåra 15-åringen til «Årets barn».

Heman kom til USA frå Etiopia saman med foreldra sine då han var fire år gamal. Han har alltid vore interessert i forsking og starta tidleg med eigne eksperiment.

Då den unge guten lærte om farane knytt til hudkreft som følgje av UV-stråling frå sola, vart han inspirert til å jobba for ei behandling.

I fjor vann Heman ein forskarkonkurranse med idéen sin om ei såpe som brukar eit stoff som skal hindra utvikling av hudkreft på eit tidleg stadium.

– Akkurat no er det ingen rimelege tilgjengelege alternativ til den veldig dyre behandlinga på marknaden, forklarar Heman til TIME.

Tanken er at dei fleste brukar såpe og vatn til å vaske seg med, og målet er å utvikla ei såpe som let eit kjent stoff som kan behandla hudkreft, hengja att på huda etter at du har vaska deg. Denne idéen har Heman no fått hjelp til å jobba vidare med i eit ekte laboratorium.