15 prosent av studentane klarer ikkje å dekkje uventa utgifter

15 prosent av studentane i Noreg er ikkje i stand til å betale uventa kostnader på 8000 kroner, og har heller ingen andre som kan betale for dei.

NPK-NTB
Publisert

Det viser nye resultat frå Eurostudent-undersøkinga.

– Mange studentar klarer ikkje å dekkje større uventa kostnader og får problem viss dei må kjøpe ny PC eller om vaskemaskina må bytast ut, seier Anna-Lena Keute, som er seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå og ansvarleg for undersøkinga.

63 prosent oppgir at dei kan betale for større, uventa kostnader på 8000 kroner, medan 22 prosent oppgir at dei ikkje kan betale for slike kostnader sjølve, men at familie, partnar eller andre kan betale for dei.

Hårreisande

Det vil seie at 37 prosent av studentar i Noreg ikkje er i stand til å betale for uventa utgifter med eigne midlar.

 – Det er hårreisande at 37 prosent av oss studentar på eiga hand ikkje har sjanse til å dekkje ei uventa utgift på 8000 kroner. Eg er bekymra for at dette går ut over helsa og studiane våre, og at det kan tvinge oss til å ta opp forbrukslån, seier leiar i Norsk studentorganisasjon, Kaja Ingdal Hovdenak.

Vil auke studiestøtta

Hovdenak meiner politikarane må ta ansvar for å sikre ei føreseieleg og forsvarleg studiestøtte for framtida.

– Løysinga er å auke og knytte studiestøtta til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (GRAM), seier ho.

Eurostudent-undersøkinga viser at Sverige er landet kor størst del av studentane kan betale uventa kostnader sjølv, med 75 prosent, medan på Island kan berre halvparten av studentane dekkje slike kostnader sjølv.