12 595 står framleis i studentbustadkø: – Tala gjer meg bekymra

Totalt står 12 595 studentar i kø og ønskjer studentbustad same veka som dei skal byrje på studium. Norsk studentorganisasjon meiner situasjonen er ille.

NPK-NTB
Publisert

– Desse tala gjer meg bekymra for situasjonen studentar står i. At heile 12 500 studentar står i kø den veka dei skal byrje på studium, er ille. I tillegg veit vi at studentar som kjempar om studentbustader, må konkurrere om dyre bustader på den private leigemarknaden, seier Kaja Ingdal Hovdenak, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO).

NSO meiner kommunar, samskipnader, regjeringa og andre som vil byggje, må setje seg ned og finne løysingar.

– No må det byggjast langt fleire studentbustader, og det må byggjast fortare. Vi må også få ordna det slik at prisane på den private leigemarknaden ikkje er ei hindring, slik at studentar kan fokusere på studia i staden for å stå i bustadkø, seier Hovdenak.

Ber studentane halde fram med å leite

Mellom 2. og 14. august vart det tildelt 866 studentbustader. Til samanlikning fekk 3081 studentar tilbod om studentbustad mellom 2. og 15. august i 2023.

Tala kjem fram i ei nasjonal innhenting av køtal og talet på tildelte studentbustader i regi av Samskipnadsrådet.

Styreleiar i Samskipnadsrådet Rita Hirsum Lystad deler bekymringa til studentane.

– Det bekymrar meg at køtala er så høge ved studiestart. Vi håpar det vil løyse seg, og eg vil be studentane om å halde fram med å leite. Samtidig er det viktig for meg å presisere at dette er tal over studentar som ønskjer å bu i studentbustad, ikkje ei undersøking av kor mange studentar som står heilt utan bustad, seier ho.

Ber om auka innskotssats

Studentsamskipnadene vil byggje fleire studentbustader, men ber om at tilskotssatsen blir auka.

– I dag er det mange aktørar som har venta på å byggje på grunn av svært høge kostnader. I same perioden byggjer samskipnadene fleire tusen bustader og har i år 4500 under bygging i heile landet, seier Lystad.

Ho meiner det viktigaste tiltaket regjeringa kan gjere i kommande statsbudsjett, er å auke tilskotssatsen til 40 prosent av kostnadsramma.

– På den måten kan vi byggje fleire studentbustader og tilby endå fleire studentar ein bustad til studiestart, seier ho.