Studentsamskipnader skuldar tidlegare bebuarar fleire titals millionar kroner
Studentsamskipnadene skuldar framleis tidlegare bebuarar rundt 32 millionar kroner etter ein depositumstabbe.

– Dei som har krav på dei, og ønskjer dei pengane, bør fremje krava sine, oppmodar direktør Lisbeth Glørstad Aspås for Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit) til Khrono.
Åtte studentsamskipnader over heile landet kravde ulovleg depositum frå studentane dei har leigd ut bustader til. Då dette vart avslørt i 2022, slutta studentsamskipnadene med depositum, og betalte tilbake deposituma dei hadde kravd inn.
Men samskipnadene er også forplikta til å betale forseinkingsrenter til studentar for deposituma dei har kravd ulovleg.
Ifølgje tala til Khrono har studentar framleis rundt 31,7 millionar kroner uteståande og samskipnadene har betalt rundt 13,5 millionar i forseinkingsrenter.

Kaja Hovdenak er leiar i Norsk studentorganisasjon. Foto: NSO
– At vi framleis er i ein situasjon der samskipnadene skuldar studentar 32 millionar kroner er uforsvarleg, seier leiar Kaja Ingdal Hovdenak i Norsk studentorganisasjon.
Det er studentane som sjølv må sende inn krav om forseinkingsrenter.