66 studentar tekne for KI-fusk: – Toppen av eit gigantisk isfjell

66 studentar har vorte tekne for KI-fusk det siste året, viser tal frå statlege universitet og høgskular. Professor meiner at det er enorme mørketal.

NPK-NTB
Publisert

– Eg tenkjer at det er toppen av eit gigantisk isfjell. Det kan jo ikkje vere noko anna. I praksis er det nesten heilt umogleg å bevise. Vi sit i saksa. For å få nokon felt, krev ein dokumentasjon som vi strevar frykteleg med å skaffe, seier Peter Fjågesund, professor i britisk litteratur ved Universitet i Søraust-Noreg.

Khrono har innhenta tal frå 17 statlege universitet og høgskular, som viser at 66 studentar vart felte for fusk med KI i perioden 1. august 2023 til 29. juli i år.

Khronos oppteljing i august 2023 viste at berre tre elevar vart felte.

Ved Universitetet i Oslo vart elleve studentar felte for KI-fusk det siste året.

– Tala er ikkje dramatiske, men veksten i talet på saker viser jo at det må jobbast systematisk med dette feltet framover, seier viserektor for utdanning, Bjørn Stensaker.

Han meiner det er viktig å ha ulike typar eksamensoppgåver og ikkje berre heimeeksamenar.