Kort forklart: Kva skjer i Venezuela?

Den sittande presidenten i Venezuela vert skulda for valfusk. Kva skjer eigentleg i det søramerikanske landet?

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Den sittande presidenten i Venezuela, Nicolás Maduro, har erklært siger etter presidentvalet i landet sundag. Dei offisielle tala frå det nasjonale valstyret viser at Maduro fekk 51,2 prosent av røystene, medan presidentkandidaten til opposisjonen, Edmundo Gonzalez, fekk 44,2 prosent.

Resultatet har vekt oppsikt, og mange hevdar no at Maduro har juksa i valet. Opposisjonen meiner å sitte på bevis for at Edmundo Gonzales eigentleg vann valet.

No har demonstrantar teke til gatene i protest mot Nicolás Maduro, og minst 11 personar har døydd i opptøyane.

● Les også: Kva skjer i Sudan?

Kven er Maduro?

Nicolás Maduro har sete som president i Venezuela sidan 2013. Han representerer sosialistpartiet PSUV (Partido Socialista Unido de Venezuela). Han overtok som president etter at forgjengaren Hugo Chávez døydde.

Styret til Maduro har vore prega av mangel på mat og medisinar, arbeidsløyse og høg inflasjon, som har brakt store demonstrasjonar. Befolkninga har gått ned i vekt som følge av matmangel, noko som vert kalla «Maduro-dietten». 7,7 millionar menneske har flykta frå landet.

President Nicolas Maduro i Venezuela. Foto: AP Photo/Matias Delacroix

Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) har tidlegare sett i gang etterforskingar av regimet til Nicolás Maduro for moglege lovbrot mot menneskeslekta.

Etter kvart som fattigdom og svolt har auka i landet, har Maduro vorte meir og meir upopulær, og landet har tidvis vorte prega av demonstrasjonar mot regjeringa. Maduro har gjennom styret sitt teke betydeleg kontroll over både parlamentet, domstolane og valstyret i landet.

Maduro starta karrieren sin som bussjåfør og fagforeiningsleiar. I 2006 vart han utpeikt som utanriksminister i regjeringa til Hugo Chávez, før han deretter vart leiar i partiet PSUV, og visepresident i 2012.

Kor kjem skepsisen frå?

Det er ulike faktorar som vert trekte fram når Maduro no vert skulda for valfusk.

Det viktigaste er at opposisjonen hevdar å ha bevis. Dei har fått tak i kvitteringar frå dei elektroniske valmaskinene som vart brukte på valdagen. Oppteljinga opposisjonen har gjort, skal vise eit sterkt fleirtal røyster til Edmundo Gonzalez. Dette stemmer òg overeins med valmålingar som vart gjorde i forkant, som tydde på at Gonzalez var favoritt til å vinne.

Den populære leiaren i det konservative opposisjonspartiet, Maria Corina Machado, ville sjølv stille til val, men ho vart utestengd frå å stille som presidentkandidat. Vitne som representerte opposisjonen skal ha vorte viste bort frå røystelokala. Dessutan er leiaren i det nasjonale valstyret ein alliert av Maduro.

Grenseovergangane til nabolandet Colombia vart stengde under valhelga, tilsynelatande for å hindre venezuelanar som hadde flykta frå landet i å røyste.

Domstolen i Venezuela har no sagt at dei vil granske valresultatet. Carter-senteret i USA er derimot i tvil om kor uavhengig denne granskinga vil vere, ettersom domstolen er lojal mot Maduro.

Korleis reagerer verda?

Som respons på valresultatet har fleire statsleiarar i Latin-Amerika kritisert Maduro. Sju land på kontinentet har kravd ein uavhengig gjennomgang av valresultatet. Presidenten i Chile, Gabriel Boric, har slått fast at Chile ikkje vil godkjenne noko resultat som ikkje er verifiserbart. President Luis Lacalle Pou i Uruguay hevdar at det var ei open hemmelegheit at den sittande presidenten kom til å «vinne», uansett kva dei sanne resultata var. «Prosessen, heilt opp til valdagen og sjølve teljinga, var openbert korrupt,» skreiv han på Twitter/X.

Torsdag sa utanriksministeren i USA, Antony Blinken, at det var «overveldande bevis» for at Edmundo Gonzalez vann valet, og USA har no anerkjent Gonzalez som vinnaren.

Også EU har etterlyst større openheit rundt valresultatet.

På den andre sida får Maduro støtte av russiske president Vladimir Putin og kinesiske president Xi Jinping.

Kva seier Maduro sjølv?

Nicolás Maduro hevdar at uroa rundt valet i landet har sprunge ut frå ein konspirasjon frå ytre høgre, som vert spreidd av dei «perverse og makabre» politiske fiendane hans. Han sa til den internasjonale pressa at han ønsker å sjå opposisjonsleiar Machado og presidentkandidat Gonzalez i fengsel.


Indonesia er eitt av landa som har nasjonale val i 2024. Her stemmer ei kvinne på valdagen 14. februar i Medan i Indonesia.