Kvit januar eller 100 dagar? Fråhald har blitt trendy

– Skal du lukkast med dette er det viktig å tenkje nøye gjennom kva du vil med dette og leggje ein god plan, rår psykologen.

NPK-Eli Strand
Publisert

Sosiale medium er full av folk som no testar ut kvit månad og prøver å halde seg unna alkohol dei første fire vekene av året. Andre prøver seg på 100 dagar, som har vorte den store trenden internasjonalt.

– Det er jo heilt supert at folk vil prøve å redusere alkoholforbruket, og det har nok samanheng med blant anna at kjente folk står fram i media og at det er så stort fokus på helse og det å leve sunt, seier professor i psykologi Fanny Duckert til Nynorsk pressekontor.

Ho er ekspert i tidleg behandling av alkoholproblem og har halde kurs i alkoholreduksjon. No gler ho seg over den nye og veksande trenden.

Psykolog Fanny Duckert trur mange kan ha nytte av å ta ein kvit månad. | Foto: Julie Pike

Nymoralsk bølgje

Psykologen har også lagt merke til at kjente personar og andre reklamerer for eit alkoholfritt liv, og at mange i tillegg vil prøve seg på ein alkoholfri månad.

– Det er veldig mykje snakk om god helse og at alle har eit ansvar for å ta vare på seg sjølv. Det er nesten som ei slags nymoralsk bølgje der det er viktig å ha total kontroll over eigen livsstil, seier Duckert.

Men ein ting er å ville ha ein kvit månad, ein annan ting er å faktisk klare å gjennomføre det. Professoren meiner det er mange fallgruver ein kan gå i.

– Skal du lukkast med dette er det viktig å tenkje nøye gjennom kva du vil med dette og leggje ein god plan for korleis du skal gjennomføre den kvite månaden. Elles er det fort gjort at dette blir ei rein impulshandling og sklir heilt ut. Eg er elles meir tilhengjar av å gjere dette i april-mai når livet generelt er lysare og litt betre for oss alle.

Ti tips for å drikke mindre

1. Registrer forbruket ditt

Kor mykje drikk du faktisk? Registrer tidspunkt, situasjon og drikkemengd. Mykje av forbruket er lett å oversjå. Bruk standard måleiningar. Det er fort gjort å lure deg sjølv med omsyn til kva du reelt får i deg. Heime kan du bruke måleglas og finne ut mengda i forhold til dei glasa du vanlegvis bruker.

2. Evaluer eige drikkemønster

Evaluer vanane dine mot drikkemønsteret du ønskjer å ha. I kva situasjonar er det ok å drikke, og når er det ikkje? Kan noko av drikkinga vere problematisk for deg sjølv eller andre?

Ver spesielt merksam på effekten av å kombinere alkohol og roande medikament og sovemiddel. Det hjelper lite å redusere alkoholbruken viss det blir kompensert med auka pillebruk.

3. Sei stopp ved lykkepromillen

Ein relativ moderat promille (0,5–1,0) gir den ruseffekten som dei fleste knyter til behageleg rus. Ein høgare promille gir ikkje auka nyting, men aukar risikoen for å miste kontroll og å få ein uhandterleg rus som ikkje er spesielt hyggeleg verken for deg sjølv eller omgivnadene.

4. Ikkje drikk på tom mage

Det er alltid lurt å ete litt før ein drikkesituasjon. Dette dempar den generelle «sug»-kjensla, samtidig som innhaldet i magen jamnar ut alkoholfordelinga og sørgjer for at promillen ikkje stig for bratt.

5. Unngå reint brennevin og kartongvin

Mange drikk med same fart uansett kva dei har i glaset. Ublanda brennevin inneheld den sterkaste alkoholkonsentrasjonen og inneber den største risikoen for ustyrleg rus. Dersom du vil halde oversikta over kor mykje du faktisk har drukke, kan det vere lurt å kjøpe vin på flaske, i staden for kartong.

6. Byt til alkoholsvake alternativ

Ha lettøl eller alkoholfritt øl i huset og bestill gjerne lettøl i halvlitersglas på utestaden dersom du vil variere. Raudvin eller kvitvin kan blandast med Farris til ein lett og frisk drink.

7. Senk drikketempoet

La det gå 30–60 minutt mellom kvar alkoholeining. Då kan du kanskje halde på lengre utan å bli like rusa. Ein annan variant er å ta annakvart glas med og utan alkohol.

8. Ikkje drikk åleine før eller etter

Å drikke åleine før eller etter selskapeleg samvær gjer det vanskeleg å halde på dei gode vanane. Vanskelegast er det i dei seine timane. Viss du legg deg med stigande, høg promille, vil dagen etter bli verre. Sit heller oppe ei stund før du går til sengs, til promillen er låg eller på veg ned.

9. Handter drikkepress

Drikkepress er ikkje berre noko andre rettar mot deg. Det handlar like ofte om din eigen ambivalens, og om mangel på erfaring med å la vere å drikke medan andre gjer det. Den indre dialogen din er like viktig og nødvendig som å konfrontere andres «press».

10. Finn alternativ til å drikke

Viss du skal redusere alkoholforbruket, finn alternativ som i seg sjølve er interessante og utfordrande. Mange knyter alkohol til noko positivt og har erfaring med å bruke alkohol som påskjønning, trøyst og eigenmedisinering. Lytt til deg sjølv og finn kva bilete av alkohol og rus du ber med deg og gi deg sjølv andre instruksar.

(Kjelde: Fanny Duckert)

 

Gjer morosame ting

Psykologen meiner mange følgjer eit litt for strengt regime når dei vel å avstå frå alkohol ein heil månad. Kombinert med eit asosialt og asketisk liv, blir det vanskeleg å lukkast, trur ho.

– Finn heller på noko morosamt i den kvite månaden. Det er no du skal gå på kino, oppleve kunst og vere sosial. Og det er ingenting i vegen med å gå ut å kose seg med mat og drikke. I den siste tida er det kome så mykje god drikke som er alkoholfri, at det er ingen grunn til å berre drikke vatn og brus når du har kvit månad.

– Nokre trekkjer det endå lengre og seier det beste vil vere å ha 100 alkoholfrie dagar, kva tenkjer du om det?

– For dei fleste blir nok dette litt for brutalt, ein kvit månad kan vere bra nok i seg sjølv, seier psykolog Fanny Duckert.

Dei unge viser veg

Bryggeriet Klokk & Co er ei av dei verksemdene som først kasta seg på den alkofrie bølgja. Etter ein forsiktig start har Leif Klokk og Kristine Lund gjort suksess med fleire alkoholfrie øltypar. No er godt over halvparten av ølet dei produserer utan alkohol og det er innanfor dette segmentet at veksten er størst.

Det heile byrja med at Kristine blei gravid. Då gjekk det opp for henne at det var lite å hente i dei alkoholfrie hyllene. Då gjekk ho til mannen Leif og bad han gjere noko med saka.

Slik blei Fripa, ein alkoholfri IPA, til. Og etter det har det kome fleire alkoholfrie øltypar frå bryggeriet. Det blei ein del prøving og feiling og eit par tusen liter øl som gjekk i vasken i starten, men etter lanseringa har dette vore ein av bestseljarane frå den vesle verksemda.

– Vi skjøna fort at dette var ein trend, der spesielt unge vaksne var pådrivarane og på denne måten har marknaden utvida seg og vi har klart å få fleire til å drikke alkoholfritt. Det synest vi er spanande, seier Kristine Lund.

Ho seier mange blir overraska når dei får smake ølet deira, fordi dei ikkje er vane med at alkoholfritt øl kan smake som vanleg øl.

Ingen kvit månad på psykologen

Fanny Duckert er sjølv ikkje ein av dei som har trong til å prøve ut ein kvit månad.

– Dette kan heilt klart vere ein positiv ide for mange, men sjølv er eg ikkje eit skippertakmenneske og går heller for å ta bevisste val i kvardagen.

Ho har heller ikkje tru på at totalt avhald er vegen å gå for folk flest og stiller seg kritisk til dei nye kosthaldsråda som går for null alkohol.

– Tar du deg eit glas om dagen er det ingen grunn til å bekymre seg. Alle veit at for mykje alkohol er skadeleg, men eg meiner det er innanfor å nyte alkohol med måte.