Utdanningsforbundet bekymra for eksamensendringar
Allereie frå neste år blir fleire eksamenar flytta til før 17. mai. Utdanningsforbundet er skeptisk til endringane.

På oppdrag frå kunnskapsministeren har Utdanningsdirektoratet vedteke at nokre av dei største eksamenane blir flytta til før 17. mai 2025. Dette gjeld mellom anna dei skriftlege norskeksamenane i hovudmål og sidemål, i tillegg til ei rekke andre språkfag.
– Vi treng både å gjere russefeiringa meir inkluderande og sikre at eksamen og eksamensførebuingar blir prioriterte. Vi fryktar at denne endringa ikkje gjer nokon av delane, seier sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet Thomas Nordgård.
Nordgård trekkjer fram at desse endringane kan føre til eit meir hektisk skuleår for lærarar og elevar, gi dårlegare vilkår for læring og gjere det vanskelegare å lykkast med gode eksamensførebuingar.
I tillegg fryktar han at eit slikt tiltak ikkje vil gi ei meir inkluderande avgangsfeiring – snarare tvert imot.
– Det å flytte skriftleg eksamen til før 17. mai kan faktisk kunne forverre problematikken rundt russetida, då elevar vil ha endå større rom for å sleppe seg laus, seier Nordgård.