Jon Fosse har blitt tildelt storkors av St. Olavs orden

Nobelprisvinnar Jon Fosse er forfremja til storkors av St. Olavs orden for forfattarskapen sin. – Eg verdset denne tildelinga svært mykje.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Virket ditt for litteraturen og det nynorske språket er i ei eiga klasse, sa kansellisjef Mette Tverli på vegner av Slottet under utdelinga.

Torsdag 20. juni vart Fosse tildelt storkors av St. Olavs orden for eit framifrå forfattarskap. Dekorasjonen vart overrekt i lokala til Det Norske Samlaget i Oslo, Fosse sitt mangårige forlag.

– Reisa di frå skremt skulegut til nobelprisvinnande forfattar, er ei inspirerande forteljing om å finne sitt eige språk, og dele det med verda, stadfesta Tverli.

Jon Fosse er ein av tre forfattarar som har blitt tildelt storkorset. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Fosse tok audmjukt i mot den ærefulle heidersutmerkinga. Han kommenterte spøkefullt at han heldigvis ikkje var sånn laga at han lar suksessen gå inn på seg, men at han likevel var takksam for tildelinga.

– Det skal noko til å bere alt saman, la han til.

St. Olavs orden blir delt ut som «påskjønning for utmerkt forteneste for Noreg og menneska». Storkors er høgaste grada i ordenen.

Berre to forfattarar har fått storkorset tidlegare. Henrik Ibsen tok imot storkorset i 1893, og Sigrid Undset i 1947.