Arbeidsdagen vart ikkje heilt som venta hjå Samlaget etter at Jon Fosse blei heidra med litteraturens gjevaste pris. Redaktøren hans lovar at vi kan vente oss nye ting av forfattaren framover.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg blei først og fremst utruleg glad, og vi har jo venta og håpa på dette, men at det skulle skje…

Det er ein overvelda redaktør som møter Framtida.no i Samlaget sine lokalesentralt i Oslo. Like før vart det kjent at forfattaren deira Jon Fosse er tildelt Nobels litteraturpris. Cecilie Seiness har nettopp gått av ei direktesending med statskanalen, og er framleis litt skjelven etter nyheita som blei sleppt for kort tid sidan.

I fleire år har det blitt spekulert i om Jon Fosse ville få den gjeve prisen, men ho hadde ikkje heilt sett for seg at det faktisk kom til å skje i år.

– Det kom veldig brått på, rett og slett. Så fekk jo Fosse vite det rett på førehand, men vi som forlag visste det ikkje.

– Uverkeleg

Seiness har så vidt fått med seg at Fosse har uttala seg på TV, men i alt oppstyret har ho ikkje fått høyrt mykje av kva han har sagt.

– Men han verka roleg og samla, konstaterer ho.

Ho er ikkje redd Septologien-forfattaren vil få skrivesperre av merksemda.

– Nokre forfattarar har det sånn at viss dei får ein så stor pris, er det så vidt dei klarar å skrive etterpå. Men eg tenker at Fosse vil klare å skrive vidare, og det er veldig viktig. Han er berre 64 år gamal, så han har mange år igjen til å skrive gode bøker. Men eg trur det betyr utruleg mykje for han.

– Kva betyr det for dykk som forlag, då?

– Nei, det er jo det største eit forlag kan håpe på tenker eg, å få ein nobelpris. Det er nesten uverkeleg, seier ho med skjelvande stemme.

Det er òg den første gongen ein forfattar som skriv på nynorsk får nobelprisen i litteratur.

– Det er utruleg viktig, seier Samlaget-redaktøren.

Om livet

Forlagsredaktøren trekker fram at det er få som får denne prisen, og at det er mange gode forfattarar rundt om i verda.

– Det er ein siger for den verkeleg gode litteraturen. Det er eit utruleg stort og godt forfattarskap og ein forfattar som har skrive i 40 år, seier ho om Fosse.

Ho peikar på at den ferske nobelvinnaren sitt forfattarskap går rett inn i kva det vil seie å vere menneske.

– Det handlar om livet rett og slett. Om å bli født og leve saman, få barn, døy, om andelege sider ved livet. Eg tenker at han fortel oss om det som betyr noko for oss. For mange trur eg òg at det kan følast som Fosse nærmast trøystar oss litt.

Jon Fosse

Fødd: 1959

Frå: Strandebarm

Forlag: Det Norske Samlaget

Språk: Nynorsk

Debutroman: Raudt, svart (1983)

Fosse er best kjent internasjonalt som dramatikar, men har skrive både romanar, dikt, essay og barnebøker.

Dei siste åra har verket Septologien fått mykje merksemd i både inn- og utland.

Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda.

Tidlegare prisar inkluderer Nordisk råds litteraturpris, Brageprisen og Kritikarprisen.

Han har også kome på kortlista til den internasjonale Bookerprisen og amerikanske National Book Award, og har vore favoritt til Nobels litteraturpris i ei årrekkje.

Kjelde: Samlaget

 

– Det kjem ting

– Kva skjer framover no?

– Nei, eg veit ikkje! seier Cecile Seiness og ler overvelda.

– Vi har aldri opplevd dette før, så eg veit ikkje heilt!

Ho trur likevel prisen vil få ein effekt for Fosse og Samlaget.

– Å få nobelprisen betyr jo at heile verda får augo opp for Jon Fosse.

Sjølv om han er godt kjent internasjonalt frå før, er ho klar på at dette er noko heilt anna.

– Dette er er jo eit nytt nivå. Det er ikkje noko større enn nobelprisen i litteratur.

Sidan det har vore nokre år med spekulasjonar, nærmare sagt 22 år, har dei ikkje planlagt noko særleg feiring i Samlaget. Dei tilsette i Samlaget har skåla med sider frå Hardanger, og nokre blomsterbukettar ligg rundt om i lokalet, saman med Fosse sine bøker.

– Men vi må jo finne på noko, lovar redaktøren.

Ho kan òg avsløre at Fosse har noko nytt på gang.

– Jada, han har tekstar liggjande allereie. Det kjem ting, seier ho lurt.