Gjennom berekraftsundervisninga har elevar ved Nesbru videregående skole gått 16 kilometer til og frå skulen, «dumpster diva» og lært kor kleda deira kjem frå.

Kristin Molvær
Publisert

– Det er mykje bra mat som vert kasta. Eg fann ein fisk til 500 kroner. Den ligg no i frysaren hos ein kompis, fortel Hamze Nuur Hassan.

Han er elev ved Nesbru videregående skole, og har vore med på «dumpster diving», eller søppeldykking, gjennom skulen.

Elevane har den siste månaden lært om berekraft, og kunne velje mellom fire ulike fokusområde å fordjupe seg i: transport, plast, klede eller mat.

Hassan og kameraten Hermann Wium Kristensen valde sistnemnde.

– Burde bli meir synleg

– Matprosjektet gjekk ut på å få oversikt over kva du kastar. Så vi måtte sjekke kva vi kastar heime. Hjå oss kastar vi mest meieriprodukt, grønsaker og frukt, på grunn av kort haldbarheit, forklarar Hassan.

Han la merke til at det var mykje brød, kjøtt, fisk og meieriprodukt som vart kasta, og føler han har blitt meir bevisst på problemstillinga gjennom prosjektet.

– Det burde bli enda meir synleg og fokus på alt som er i ferd med å bli kasta i butikkane, og fleire butikkar burde gi til matsentralar, seier Hassan.

Her er laksen dei fann i ein av søppeldunkane til ein matbutikk. | Foto: Privat

I og med det ikkje er lov med «dumpster diving» i Noreg, fekk dei beskjed om å spørje butikkane først.

– Vi som valde mat, drog på «dumpster diving» for å kartlegge og prøve å få tak i mat butikkane ville kaste, for å lage ein rett til klassen, fortel Kristensen og Hassan.

Gjekk heile skulevegen

Det er elevane i førsteklasse på studiespesialiserande på Nesbru som har prosjektet saman med elevar som går vidare på International Baccaelaureate (IB) til hausten, og elevar med tilrettelagt opplæring.

IB-elev Araz Javadi valde transport, og har gått 16 kilometer fram og tilbake til skulen frå Slemmestad.

Araz Javadi har brukt prosjektet til å sjå på transport, ved å gå i fleire timar til og frå skulen. | Foto: Kristin Molvær

– Det var slitsamt, eg måtte opp klokka 4, det tok ei stund å gå den strekninga. Etter å ha gjort det nokre dagar, har eg lært å setje pris på transportmoglegheitene vi har, fortel han.

Han legg til at det var ei artig utfordring, men angrar litt på fottøyet.

– Det tok omtrent to timar og tretti minutt kvar veg, så eg kunne kanskje gått for nokon andre sko enn flate Nike Air Force.

Klassekamerat Dhruti Deepak Bhagade har delteke i plastprosjektet. 

– Det som overraska meg er kor mykje som er pakka inn i plast, som ikkje treng å vere det. Rundt agurken har det ein funksjon for at den ikkje skal bli dårleg, men ikkje på alle andre grønsaker.

Elevane har dei siste vekene lært om berekraft innan ulike område, og fått presentasjonar frå medelevane om korleis det har gått og kva dei har lært.

 

Samarbeid

Prosjektet på skulen er eit samarbeid med cCHANGE, ei bedrift som basert på forsking innan klima og berekraft driv med utvikling av verktøy som skular, kommunar og enkeltpersonar kan bruke.

Målet til prosjektet er at elevane skal få meir fokus på berekraft og sjå koplinga mellom endringar dei gjer i sitt eige liv, endringar andre gjer – og endringa som trengst i samfunnet. 

På Nesbu har cCHANGE deltatt i heile perioden, og har vore knytt til dei som har plastutfordringa. Skuleprogrammet cCHALLANGE er eit endringsprosjekt over tretti dagar for klima. Prosjektet går ut på at elevane gjennomfører ei personleg utfordring knytt til berekraft.

CChange har samarbeid med fleire skular, der dei får sjå korleis skulane jobbar tverrfagleg med berekraft.

– Det som er fint med korleis Nesbru har løyst det, er at dei også har den erfaringsbaserte læringa og ikkje berre i klasserommet. At dei har denne klesbytedagen, fokuserer på transportvanar og opprydding av søppel rundt skulen, seier Heidi Arctander frå cCHANGE.

Anna Joensen viser fram noko av det ho tok med på klesmarknaden. | Foto: Kristin Molvær

Klesbytedag

Ein av aktivitetane skulen har sett i gang under prosjektet er ein bytemarknad. Her tek elevar med seg klede dei ikkje brukar lenger, og så finn dei kanskje noko fint dei kan byte det mot.

Blant elevane som har ansvar for dette er tredjeklasseelev Anna Joensen, som har tilrettelagt opplæring.

– Prosjektet er veldig kjekt, det er andre året skulen arrangerer dette og eg håpar at alle klassane kan vere med til neste år.

Plagga som ikkje blir bytte, skal donerast eller brukast til andre berekraftige prosjekt på skulen.

– Eg har teke med seks plagg til marknaden, og allereie har nokon bytt til seg to av dei, seier ho og viser oss rundt.

Mykje syntetiske tekstilar

Elevane som gjekk for klesprosjektet, fekk gått igjennom og rydda litt i klesskapet.

– Vi gjorde eit feltarbeid i eige klesskap, der vi sjekka kor kleda våre kjem frå og kva materiale dei var laga av, seier Olivia Næss-Sørensen.

Dette gjorde at dei fekk innblikk i om dei hadde klede som var laga på ein berekraftig måte, eller ikkje.

Olivia Næss-Sørensen (t.v), Mina Brisbane, Hermine Tarøy Strandenæs, Else Sannem Hustad, Helle Marie Østby sikra seg nokon fine plagg under klesbytedagen. | Foto: Kristin Molvær

Dei har også blitt bevisste på val av tekstilar og produksjon av kleda deira.

– Vi har fått veldig god oversikt over kor kleda blir produsert, kva land som er størst innan klesbransjen. Land som Vietnam, Bangladesh og Kina, produserer mykje klede, seier David Stray.

– Klesproduksjon krev mykje vatn og gir mykje utslepp. Mange av arbeidarane har dårlege arbeidsforhold og låge lønningar, fortel Næss-Sørensen.

– Det er mange syntetiske tekstilar som vert brukt, som polyester, dei ikkje varer særleg lenge. Og ofte betaler ein del berre for ulike merke også. Sjølv dyre klede kan vere av dårlege materiale, så ein kan bli litt lurt. Det er lurt å investere i plagg av naturlege tekstilar, seier Frida Eide Løken.

Meir bevisst

Dei fortel at kunnskapen og bevisstheita deira rundt berekraft har auka så langt under prosjektet. 

– Tidlegare har eg ikkje gjort så mykje anna enn resirkulering og panting, som vi gjer heime, og så køyrer vi elbil, fortel Stray vidare.

Medelevane nikkar einig.

– Når vi handlar så tek vi med posar heimanfrå, så då reduserer vi jo bruk av plast, seier Hermine Tarøy Strandenæs.

– Vi donerer klede til Fretex, eller sel dei vidare. Det har jo blitt veldig populært også, seier Hamze Nuur Hassan.

Men han innrømmer at han ikkje kjøper så mykje brukt sjølv.

– Men mange sel på Tise, og då kan ein jo også tene pengar, legg Løken til.

Lettare i lag

Dei er fornøgde med prosjektet, og føler det har vore samlande på tvers av linjene.

– Det er kjekt at vi gjer det i lag, det er lettare når vi alle går saman om fokus på berekraft i lag, legg Løken til.

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Nesbru vgs. (@nesbru.vgs)