Ålesund kommune snur – vil la pride-flagging vere opp til skulane

På formannskapsmøte i Ålesund kommune har det blitt bestemt at skulane no kan heise regnbogeflagget, etter flagg-nekt. Saka skal behandlast vidare i kommunestyret.

Kristin Molvær
Publisert

Fleirtalet av politikarane i formannskapet i Ålesund vil at skulane sjølv skal få bestemme om dei vil heise pride-flagget eller ikkje.

Det vart vedtatt med ni stemmer.

Forslaget til AP og SV om at skulane skal flagge, fekk mindretalets fem stemmer. KrF var det einaste partiet som støtta kommunedirektøren, då KrFs eine representant stemte for at skulane ikkje skal flagge. Det melder Sunnmørsposten.

Flaggsaka var oppe i formannskapet etter at kommunedirektøren først sa at ingen av skulane i kommunen skulle heise regnbogeflagget under årets Pride-månad. Det vekte sterke reaksjonar, blant anna frå Elevorganisasjonen.

– Det å forby pride-flagg vil sende eit signal til elevar som er ein del av LGBTQ+ om at dei er uønskte på skulen. Det skapar eit utrygt skulemiljø, uttalte leiaren i Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, Alise Hetne Helland (17) til Framtida.no.

Ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) har bestemt at saka skal opp til politisk drøfting. Det skal òg bli utarbeidd eit flaggreglement for kommunen, skriv kommunen på nettsidene sine.

Saka blir behandla vidare på kommunestyremøtet torsdag 6. juni. Det kommunestyret bestemmer der vil gjelde fram til det blir vedtatt eit eige flaggreglement.