Trappar opp streiken – studentar og reisande blir ramma
Unio trappar opp streiken måndag. Dette vil ramme mellom anna NTNU, Politihøgskolen, lærar- og sjukepleiarutdanningane.
Måndag blir 1736 Unio-medlemmer til tekne ut – og til saman vil over 3300 tilsette vere i streik.
– Med dette omfattande uttaket understrekar vi kor alvorleg situasjonen er, seier Ørjan Hjortland, leiar av Unio stats streikekomité og nestleiar i Politiets Fellesforbund i ei pressemelding.
Opptrappinga av streiken vil mellom anna ramme polititenester og universitet og høgskular over heile landet.
Ventar lange køar på Gardermoen
Fleire politidistrikt vil merke uttaket godt, men også Kripos og Politihøgskolen blir ramma. Før opptrappinga vart det meldt om at fleire straffesaker i Oslo tingrett har måtta bli utsette, og Kripos melder om operative konsekvensar for den daglege drifta.
Ved Gardermoen vil det mellom anna føre til lågare bemanning på grensekontrollen.
Aust politidistrikt opplyser at reisande ved Oslo lufthamn må rekne med at det vil vere stor kø i grensekontrollen, både ved framkomst og avgang.
– Vi oppmodar alle som skal reise ut av Schengen, til å møte i god tid. Vi forventar kø opp til to, tre timar, skriv politiet.
Det vil også vere svært avgrensa moglegheit for å få nødpass på Gardermoen.
Opptrappinga av streiken vil også få konsekvensar for pass- og id-kortkundar i Vest politidistrikt.
Politidistriktet opplyser at kapasiteten på pass- og id-kortkontoret i Fyllingsdalen blir redusert med rundt 70 prosent – og at timeavtalar vil bli kansellerte i tilsvarande omfang.
Kan påverke byggjeprosjekt
Opptrappinga av streiken fører også til at åtte Unio-medlemmer hos Meteorologisk institutt i Oslo og Bergen blir tekne ut i streik måndag. Blant desse er fem TV-meteorologar.
– Dei mest synlege konsekvensane er at vi blir mindre til stades på TV og i radio, seier vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad i Meteorologisk institutt.
Hos Riksantikvaren blir nesten teke 50 medlemmer ut i streik, noko som kan påverke byggjeprosjekt, og undersøkingar og svar som kan vere viktig for innbyggjarane.
Dei største uttaka i kunnskaps- og kultursektoren er likevel på Nasjonalbiblioteket, Høyskolen i Østfold og på NTNU.
NTNU skriv på nettsidene sine at streikeuttaket kan bety avlyst undervisning, og avlyst/utsette eksamenar.
Rammar studentane
– Nasjonalbibliotekets leveranse til forskarar, service til publikum og tilgang til Nasjonalbibliotekets materiale blir svekt. På universitet og høgskulane vil det spesielt gå ut over lærar -og sjukepleiarutdanningane, seier Hjortland.
Han seier dei beklagar at dette rammar studentane.
– Men vi meiner vi også tek kampen for dei – at dei skal få gode lønnsvilkår når dei er ferdig utdanna og skal inn i viktige jobbar i velferdsstaten, seier Hjortland.
Held fram med full styrke
Søndag kveld avslutta regjeringa streiken til Akademikerne med tvungen lønnsnemnd, men Unio held fram streiken sin med full styrke.
Ifølgje regjeringa stansa dei Akademiker-streiken fordi utvidinga av streiken frå måndag ville medført at Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) ikkje kunne vareta kritiske oppgåver ved uønskte hendingar.
Unio opplyser at deira mål framleis er å få staten tilbake til forhandlingsbordet.
– Staten kan enkelt avblåse streiken ved å forlengje tariffavtalen som vi vart samde om for to år sidan, seier leiar Guro Lind i Unio stat.