Udir beklagar språkfeil i nynorskeksamen
Utdanningsdirektoratet legg seg flate etter fleire språkfeil i nynorskeksamen på vidaregåande skule førre veke. Dei lovar at feilen ikkje skal gå ut over elevane.

Elevar som førre veke skulle ta avsluttande eksamen i nynorsk på vidaregåande skule, vart møtte med ein informasjonstekst som var full av feil.
Oppgåvene var førte i pennen av Utdanningsdirektoratet (Udir) – som no legg seg flate, skriv Klassekampen.
Per Kristian Larsen-Evjen, avdelingsdirektør i Udir, seier feila kjem av intern svikt i kvalitetssikringsrutinane deira. Han lovar gjennomgang av rutinar og tiltak for å unngå liknande feil i framtida.
– Vi vil ta omsyn til dette i sensuren slik at det ikkje skal gå ut over kandidatane, seier Larsen-Evjen.
Slik såg oppgåveteksta ut:

Slik såg oppgåveteksta på eksamen ut.