Skrivekonkurransevinnaren stiller spørsmål ved om den norske militærtenesta er i strid med menneskerettane. 

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det overraska meg at det var så mange spesifikke menneskerettar som det er lett å gjera noko med, som kanskje ikkje vert teke tak i i andre land.

Det svarar Elias Hegge Solberg frå Tønsberg på spørsmål om kva som overraska han mest i arbeidet med oppgåva.

Norskoppgåve

17-åringen går i førsteklasse på musikklina ved Sandefjord videregående skole og gjekk heilt til topps i Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse om menneskerettane med ei tekst om den norske militærtenesta.

– Eg fekk det som ei norskoppgåve på skulen, og då var det litt kult å sende inn, forklarar vinnaren på telefon til Framtida.no.

Juryen meinte at 17-åringen skreiv god og korrekt nynorsk, hadde gode kjelder, argumenterte godt og hadde funne ei kreativ problemstilling, difor fekk han førstepremien på 1500 kroner.

Hegge Solberg fann ut at det i FN si verdserklæring menneskerettar artikkel 20 står at: «Ingen kan tvingast inn i ein organisasjon».

– Eg sleit litt i starten med å finna ei problemstilling å skrive om, men så googla eg litt og fekk litt tips av andre om folk som var blitt sendt inn i forsvaret og ikkje vil, forklarar 17-åringen.

Les vinnarteksta her! 

Problemstillinga

– Har du tips til andre som synest det er vanskeleg å gå i gang med ei slik oppgåve? 

– Det er vel kanskje å finna ei problemstilling som du syns er spanande og sjå det på ein ny måte. Å finna noko du synest er spanande å jobba med, bryta oppgåva ned i mindre bitar og jobba litt med kvar seksjon, ikkje alt på ein gong.

I teksta skriv skrivekonkurransevinnaren at: «Grunnlova vår fastslår også at ein skal tenestegjere i forsvaret, noko som igjen strider med utsegna til FN om at ingen skal tvingast inn i ein organisasjon. Slik eg ser det, er det alt i alt nokon lover som er eit brot på menneskerettane her i Noreg.»

– Synest du at Grunnlova burde endrast på grunn av dette?

– Eg synest kanskje at ein burde skriva litt om og endra på det. Grunnlova står for Noregs verdiar og når desse strir mot rettane til det å vera menneske, så er det litt feil, tenkjer eg.

Gardemusikant

– Kunne du sjølv tenkja deg å tenestegjera i forsvaret?

– Ja. Eg var veldig skeptisk i starten, men no har eg eigentleg litt lyst til å inn i garden, så der har eg snudd heilt om.

– Kvifor var du først skeptisk?

– Det handla litt om at det er så mykje som skjer i verda med krig og slikt og eg trur ikkje eg hadde klart å reisa ut til eit anna land. Så veit eg at det er ganske fysisk tøft, svarar 17-åringen.