Politikk og samfunn

«Derfor er verneplikta i teorien eit brot på menneskerettane»

Grunnlova vår fastslår at ein skal tenestegjere i forsvaret, noko som igjen strider mot utsegna til FN om at ingen skal tvingast inn i ein organisasjon, skriv Elias Hegge Solberg (17).

Elias Hegge Solberg (17)
Publisert

Denne teksta vann førsteplass i Magasinett og Framtida.no sin skrivekonkurranse om menneskerettar.

Denne teksten inneheld mykje informasjon frå Forsvaret si nettside.

«Menneskerettigheter er grunnleggende rettigheter alle har, uavhengig av kjønn, alder, religion, legning, nasjonalitet eller hvor i verden de bor» (FN-sambandet. 2021).

I verdserklæringa om menneskerettane står det: «Ingen kan tvingast inn i ein organisasjon» (FN-sambandet. 2023. Artikkel 20.2). Likevel tvingast fleire ungdommar inn i forsvaret, sjølv om dei ikkje har lyst.

Ein organisasjon definerast slik: «En organisasjon har ett eller flere felles mål som medlemmene i organisasjonen arbeider for å nå» (Sundstrøm. 2019), og per definisjon er forsvaret ein organisasjon. Men betyr ikkje dette at verneplikta i Noreg er i konflikt med menneskerettane?

quote-left

Ingen lover skal overgå menneskerettane

quote-right

Viss ein nektar å gjennomføre verneplikta, kan ein bli straffa med fengsel i inntil to år (Leraand et al. 2022). Med andre ord vil ein bli straffa viss ein nektar å bli ein del av organisasjonen til forsvaret. Men dette strider mot menneskerettane, som er grunnleggande rettar som alle menneske i heile verda har berre fordi dei er menneske. Ingen lover skal overgå menneskerettane, og derfor er verneplikta i teorien eit brot på menneskerettane.

Nokon meiner at det ikkje er eit brot på rettane, sidan ein har moglegheita til å søkje om fritak. Og dette stemmer. Ein har moglegheit til å søkje om fritak, men det krev som regel at ein har ein særeigen grunn. Denne søknaden kan også bli avslått, noko som i så fall fører til at ein må utføre førstegongsteneste likevel.

Det andre argumentet i dette tilfellet er også at det berre er spesifikke situasjonar som gjer deg kvalifisert til å søke om fritak. Viss ein ikkje har ein slik grunn, eller er i ein slik situasjon, er det umogleg å få fritak frå førstegongstenesta. Og dette går mot menneskerettane, sidan nokon då kan tvingast inn i militæret utan at dei sjølv ønskjer det. Men kva seier loven om dette?

quote-left

Med andre ord vil ein bli straffa for å ikkje møte opp viss ein blir innkalla

quote-right

I grunnlova står det som følgjer: «Alle statsborgarane har i regelen den same skyldnaden til å verne fedrelandet ei viss tid, utan omsyn til fødsel eller formue» (Grunnlova. 1814. §119). Det står også beskrive i forsvarslova §66, at ein kvar som unndrar seg teneste i forsvaret vil bli straffa med inntil to års fengsel. Med andre ord vil ein bli straffa for å ikkje møte opp viss ein blir innkalla. Dette er i konflikt med menneskerettane, sidan ein ikkje har noko val viss ein blir innkalla. Slik eg tolkar dette er derfor grunnlova til Noreg i strid med menneskerettane, fordi den inneheld ei lovpålagt verneplikt som tvingar folk inn i ein organisasjon.

Dette kan tolkast slik at både forsvaret og grunnlova er eit brot på menneskerettane her i Noreg. Sjølv om ein argumenterer med at det er mogleg å få fritak, så er det ikkje lett for ein gjennomsnittleg nordmann å få innvilga fritak. Viss ein ikkje har ein veldig god grunn, så er det stor sjanse for at ein må i forsvaret uansett.

Grunnlova vår fastslår også at ein skal tenestegjere i forsvaret, noko som igjen strider mot utsegna til FN om at ingen skal tvingast inn i ein organisasjon. Slik eg ser det, er det alt i alt nokon lover som er eit brot på menneskerettane her i Noreg.