UiO gjennomfører ikkje akademisk boikott av Israel – studentane gir ikkje opp

Den siste tida har ein teltleir for Palestina på Universitetet i Oslo fått mykje merksemd. No er avgjersla om akademisk boikott av Israel klar.

Kristin Molvær
Publisert

– Universitetsstyret har ikkje gått inn for verken akademisk boikott eller frysing av eksisterande samarbeidsavtalar med israelske universitet. Dette synest vi er djupt skuffande.

Det uttalar Helena Natvig Safi (21), talsperson og koordinator for Palestinacampen, til Framtida.no etter at det vart klart at forslaget om akademisk boikott av Israel ikkje gjekk gjennom under dagens møte i universitetsstyret.

Det var Universitas som melde om vedtaket først.

Studentane gir ikkje opp

Dei to siste vekene har studentar sett opp telt for å demonstrere for akademisk boikott av Israel.

Då Framtida.no vitja teltleiren uttrykte talsperson Safi misnøye med at studentane må krevje boikott.

– Vi tenkjer jo at det ikkje er for mykje å be om, at vi skal trekkje oss ut av avtalar og faktisk implementere ein akademisk boikott for å sende eit tydeleg signal til Israel om at vi ikkje kan samarbeide med akademiske institusjonar som ikkje held seg apolitiske og nøytrale, sa Safi då.

Helena Natvig Safi har telta på Blindern og er talsperson for Palestinacampen på UiO. Foto: Kristin Molvær

Etter styremøtet er ho klar på at dei ikkje skal gi opp.

– Palestinarane har kjempa i 76 år for sin fridom, vi kan ikkje gi opp før krava våre er oppfylte.

Dei har fått utvida løyve til å ha teltcampen på UiO i to veker til.

Delte meiningar

Leiinga sitt forslag var å ikkje innføre ein akademisk boikott, med bakgrunn i universitetets eigne retningslinjer om at UiO ikkje støttar bruk av akademisk boikott som verkemiddel.

Student og styremedlem Sivert Artzen var ein av dei som ønskte seg eit vedtak om boikott.

– Dette er ein ekstremt ekstraordinær situasjon, sa Artzen på møtet ifølgje Universitas og viste til dei sivile tapa på Gaza.

Dette er tredje gongen styret diskuterer akademisk boikott.

Fri meiningsutveksling

Spørsmålet om akademisk fridom har vore eit av hovudargumenta mot boikott. Under styremøtet tok styremedlem og leiar for tankesmia Civita Kristin Clemet opp temaet.

Ho meinte dei ikkje burde ha saka opp i det hele tatt, då ho meiner det vil avgrense universitetet som ein stad for fri meiningsutveksling.

– Eg er ikkje nokon tilhengjar av akademia som politisk verkemiddel, sa ho på møtet ifølgje Universitas.

Ho meinte også at akademisk boikott vil gjere israelske akademikarar til medskyldige i Israels handlingar.

– Svak debatt

– Alt i alt er vi frustrerte over ein svak debatt og svake vedtak, seier Safi i Palestinacampen.

Ho meiner avgjerda blei teke på mangelfullt kunnskapsgrunnlag, og at Palestina-saka blei handsama annleis enn Ukraina.

– Vi er bekymra over universitetsdemokratiet når vi er den største studentrørsla UiO har sett på åresvis, og at dette ikkje blir reflektert i det som er eit splitta val.