Revidert nasjonalbudsjett 2024

Slik påverkar revidert nasjonalbudsjett unge

Fleire fysiske skulebøker, meir pengar til fritidsaktivitetar og mobilisering mot gjengkriminalitet er blant det regjeringa byr på i det reviderte nasjonalbudsjettet.

Åshild Slåen
Publisert

Tysdag klokka 10.45 kom regjeringa med sitt reviderte nasjonalbudsjett. Dette er når regjeringa kjem med endringar og justeringar i budsjettet dei vedtok i desember for 2024.

Nøkkelinformasjon

Budsjettet held seg framleis innanfor handlingsregelen, altså bruker dei mindre enn 3 prosent av Statens pensjonsfond, også kjent som oljefondet. Regjeringa aukar bruken av oljepengar frå 410 milliardar kroner til 419 milliardar kroner, og brukar då 2,7 prosent av fondet.

Sidan vi ikkje har fleirtalsregjering, må dei forhandle med andre parti før dei vedtar det reviderte budsjettet. Det er Sosialistisk Venstreparti som er den vanlege samarbeidspartnaren til Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Slik kan endringane påverke deg som ung, dersom dei blir vedtekne:

Foto: Ivan Aleksic via Unsplash
Foto: Susan Q Yin via Unsplash
Foto: Emilio Garcia via Unsplash
Frå statsbesøket frå den danske kongen og dronninga i Oslo 14. mai. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Her frå ein skyteepisode på Karl Johan i Oslo i desember 2023. | Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Regjeringa ventar at det blir ein prisvekst på 3,9 prosent i år. Dei tek utgangspunkt i at folk kjem til å få betre råd, med reallønnsvekst og låg arbeidsløyse.