Helena (21) campar for Palestina – krev akademisk boikott av Israel

Studentar over heile verda engasjerer seg for Palestina. Ei gruppe har slått leir ved Universitetet i Oslo.

Kristin Molvær
Publisert

– Vi tenkjer at det er heilt sinnssjukt at vi studentar i det heile teke må krevje at UiO ikkje skal samarbeide med institusjonar som er bidragsytarar til eit folkemord, seier koordinator og talsperson for Palestinacampen på UiO, Helena Natvig Safi (21).

Gruppa har sidan natt til onsdag førre veke telta utanfor Villa Eika, midt på campus Blindern ved Universitetet i Oslo.

– Vi har fått nesten utelukkande positive reaksjonar frå både studentar og tilsette.

Teltleiren

– Vi har blitt fleire etter kvart, men det blir rullert på kven som er her. Då folk dreg på forelesing, treng ein dusj og kanskje ei natt heime før eksamen.

Leiren består av om lag 20 telt, og ca. 30 deltakarar som krev akademisk boikott og ønskjer å vise solidaritet med det palestinske folk og studentane som demonstrerer i USA.

– Studentparlamentet har også vore veldig hjelpsame, ved at vi fekk tilgang til kjøkkenet og toaletta deira i Villa Eika.

Fleire firma har også donert midlar. Det same gjer enkeltpersonar.

– Det er utruleg mange frå rundt om i Oslo som kjem med ulike forsyningar til oss. Vi er nesten utelukkande drive ved hjelp frå andre, fordi folk kjem med trepallar, bøker, mat, kaffi og vatn. Så det er veldig hyggeleg å sjå korleis lokalsamfunnet stiller opp.

Også politikarar og universitetstilsette har teke turen innom. Ein av dei som har besøkt leiren er rektor ved UiO, Svein Stølen.

Dette er aksjonistane sine krav:

  • Kutte alt institusjonelt samarbeid med israelske høgare utdanningsinstitusjonar, både formelt forskingssamarbeid og utvekslingsavtaler.
  • Suspendere alle formelle band med israelske selskap som har tilknyting til det israelske militæret eller i dei palestinske okkuperte områda.
  • Gi ressursar til å bygge opp relasjonar med palestinske høgare utdanningsinstitusjonar som har blitt øydelagde av den israelske staten.
  • Tilby stipend til palestinske studentar og stipend til fakultetets medlemmer som har mista sine universitet og levebrød. 
  • Støtte online tilgang for tilsette og studentar ved palestinske universitet.

 

Kjelde: Universitas

Krava deira

Ein av grunnane til at studentane har starta teltaksjonen, er solidaritet med studentane i andre land, særleg i USA, der dei har fått harde sanksjonar for å demonstrere for akademisk boikott av Israel.

– Kvifor ber dykk om akademisk boikott?

– Vi tenkjer jo at det ikkje er for mykje å be om, at vi skal trekkje oss ut av avtalar og faktisk implementere ein akademisk boikott for å sende eit tydeleg signal til Israel om at vi ikkje kan samarbeide med akademiske institusjonar som ikkje held seg apolitiske og nøytrale.

Framtida.no har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå rektor ved UiO, Svein Stølen.

Universitetet viser til styrebehandlinga i saka som skal opp 14. mai, og til tidlegare utsegn på Rektoratbloggen.

I eit utdrag frå bloggen skriv Svein Stølen; «Vi er som universitet opptatt av å gi plass for ytringer og demonstrasjoner, samtidig som vi sikrer et godt lærings- og arbeidsmiljø ved universitetet. Vi vil ha tett og løpende dialog med arrangøren om det praktiske ved gjennomføringen. Det er viktig at vi evner å gjøre dette på en god måte. Ved UiO er det generell enighet om at ansatte og studenter skal tåle å bli eksponert for, og diskutere alle slags meninger, teorier og ideer, også de man selv er dypt uenig i.»

Engasjementet spreier seg

Fleire studentar frå andre universitet har teke kontakt med Palestinacampen for å høyre korleis dei kan engasjere seg, og gjere liknande aksjonar.

Ein gjeng studentar ved Universitetet i Bergen teltar utanfor rektoren sitt kontor.

I campen har dei ein timeplan som viser ulike samlingar som føregår utover veka.

Under intervjuet var det ei forelesing om den palestinsk-amerikanske historikaren og forfattaren, Edward Said.

Natvig Safi fortel at fleire hundre personar har vore innom, og at mange er nysgjerrige på kva dei gjer og tek bilete.

– Det er mange som tek kontakt, og viser si støtte til oss på Instagram, men vi merkar at nordmenn generelt er litt reserverte.

Natvig Safi går Midtausten-studium med arabisk på Blindern, og er norsk-palestinsk, med ein far som er fødd og oppvaksen på Gaza.

Ei liste som viser antal døde studentar og professorar i Gaza. | Foto: Kristin Molvær

– Gir ikkje opp

Aksjonistane på Blindern har fått løyve til å ha campen i to veker, altså til 14. mai.

Same dag er det planlagt at universitetsstyret til UiO skal avgjere om dei gjennomfører ein akademisk boikott eller ikkje.

I tillegg skal dei vurdere å endre eigen innkjøpspolitikk overfor Israel. Natvig Safi og dei andre studentane i campen har ikkje nokon konkrete planar om kva dei gjer om krava deira ikkje vert møtt, men ein ting er sikkert:

– Vi gir ikkje opp!