Regjeringa vil gi 300 millionar kroner til papirbøker i skulen

Det har vorte for mykje skjermbruk i skulen, meiner statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). No varslar regjeringa millionsatsing på fysiske skulebøker.

NPK-NTB
Publisert

– I ei rad av mange land ser vi at leselyst og glede ved å lese, har falle meir i Noreg enn det ein har sett andre stader. Det har skjedd over år. Det er ikkje noko vi berre skal seie at det er naturleg. Det må snuast, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han lanserte skuleboksatsinga onsdag.

Regjeringa set av 300 millionar kroner til papirbøker i revidert nasjonalbudsjett som blir lagt fram neste veke. Det skal auke talet på skulebøker med over éin million bøker, ifølgje statsministeren.

– Det handlar om å styrkje kunnskapen, læringa, det som er grunnmaterialet i skulen, der lærebøker skal spele ei viktigare rolle, sa han.

For mykje skjerm

Nyheita vart presentert under besøket til statsministeren på Forlagssentralen på Langhus, der det blir distribuert skulebøker til heile Noreg.

– Det er ein balanse mellom skjerm og bok, der det har vorte for mykje skjerm. Vi treng å styrkje bok, sa han.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) var også til stades.

– Vi veit at det å styrkje leseferdigheita er utruleg viktig for norske barn. Og ein viktig del av det er å satse på dei fysiske lærebøkene, sa Nordtun.

Foreslo mobilnekt

– Viss du ser på ein sjetteklassing som har lese og les digitalt og ein fjerdeklassing som har lært med fysiske bøker, så les dei då på same nivå. Det seier noko om kor viktig det er å lære seg å lese godt gjennom fysiske lærebøker og ha balanse mellom penn og tastatur, sa Nordtun.

Sidan Nortun vart kunnskapsminister har ho fleire gonger uttrykt uro for skjermbruken i den norske skulen, og sagt ho ønskjer seg «ein fornuftig balanse mellom skjerm og bok, mellom penn og tastatur».

Noko av det første ho gjorde som statsråd var å fremje eit forslag om å innføre mobilnekt på norske skular.