Fylkeslag fekk ikkje invitasjon til landsstyremøte i Raud Ungdom

Laurdag heldt Raud Ungdom ekstraordinært landsstyremøte. Representantane frå Troms, Finnmark og Trøndelag var ikkje kalla inn.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Oppdatering: Etter at denne saka vart publisert melder iFinnmark om at leiar i Finnmark RU melder seg ut av Raud Ungdom.

– Eg opplever det som at dei eigentleg ikkje vil ha oss der, seier leiar i Finnmark RU, Thea Fremstad, til NRK.no.

Heller ikkje representantar frå Troms RU eller Trøndelag RU var innkalla til møtet.

Kritiske til leiinga

Fremstad i Finnmark RU er ein av dei tillitsvalde som har vore kritisk til valet av Amrit Kaur som ny leiar som ho kallar eit kupp.

I april fortalde Fremstad til Framtida.no at dei opplevde at ein kritisk kommentar på Instagram der dei skreiv #ikkevåresorganisasjon vart fjerna.

– Vi kommenterte dette fleire gonger, men kommentarane blei fjerna i kommentarfeltet kvar gong vi posta dette! skreiv ho til Framtida.no.

Òg Troms RU hadde skrive same meldinga på Instagram, men denne vart ståande.

Generalsekretær: – Har ikkje hatt oversikt

Under møtet valde landsstyret nye Facebook-moderatorar og ny sommarleirleiing etter at den førre trakk seg. Landsstyret diskuterte òg situasjonen med Raud Ungdom og media, der representantane fekk koma med tilbakemeldingar.

Leiar i Finnmark Raud Ungdom Thea Fremstad. Foto Privat | Foto: Privat

Generalsekretær i Raud Ungdom, Syver Kleve Kolstad, forklarar at grunnen til at representantane ikkje vart invitert var at systema deira ikkje var oppdatert med den nye leiaren i Finnmark RU.

– Eg har ikkje hatt heilt oversikt over kven som har vore landsstyrerepresentant til Finnmark, og at dei ikkje har fått informasjon på riktig stad. Det har vore utruleg problematisk at eg ikkje har hatt det oppdatert. Det har ikkje vore med vilje at eg har ikkje hatt eit oppdatert nok system på kven som sit i landsstyret. Eg hadde berre rett og slett ikkje fått sendt mailen riktig stad, seier han til NRK.

Han forklarar vidare at grunnen til at Trøndelag RU ikkje var innkalla var at leiaren har trekt seg frå vervet.

Trur ikkje på forklaringa

Tidlegare leiar i Trøndelag RU, Lone Selnes, stadfestar ovanfor Framtida.no at dei ikkje har fått innkalling og at ho har meldt seg ut av RU.

Kleve Kolstad forklarar at han har sendt innkallinga til tidlegare representant for Finnmark Oddbjørn Kråkøy-Pedersen, medan Fredrik Askim som aldri har leia Troms RU fekk innkallinga deira.

Verken Thea Fremstad eller leiar i Troms RU, Rubi Pedersen, trur på forklaringa.

– Eg har vore kalla inn til alle landsstyremøte før landsmøtet, så veit ikkje heilt om eg trur på at systemet er utdatert, seier Pedersen til NRK.