Ny leiar: Jakob Øvensen Aanderaa vil ete «one-pot-pasta» med Stephen Hawking

Den påtroppande LNU-leiaren brenn for at ungdom skal få engasjere seg på eigne premiss.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg vil vere ein leiar som er tydeleg og rettferdig. Eg vil vere ein leiar som legg til rette for at barn og unge skal få bruke si stemme på den forma som dei sjølv ynskjer.

Det skriv Jakob Øvensen Aanderaa i ein e-post til Framtida.no. I april vart han valt inn som den neste leiaren for LNU – Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner.

No som han sjølv skal leie ein stor organisasjon, har Aanderaa spesielt eit leiarførebilete: ungdomsskulelæraren Bjørnar.

Jakob Øvensen Aanderaa

Alder: 26 år

Personleg pronomen: Han

Frå: Majorstua, Oslo

Yrke/utdanning: Studert informatikk og har snart studert 2,5 år på profesjonsstudiet i psykologi, begge ved UiO.

Favorittfag på skulen: Fysikk

Ulike verv: Påtroppende styreleiar i LNU, styremedlem i Popkorn politisk fagutvalg, tidlegare styremedlem i Operasjon Dagsverk

Medlem i: Popkorn politisk fagutvalg

– Han lét elevane engasjere seg og tilpassa undervisninga slik at ho vart relevant, spennande og pusha oss som elevar til å vere meir aktive i undervisninga. Det gjorde at timane hans vart meir lærerike og morosame. Eg trur på kombinasjonen av å legge til rette for engasjement, og dessutan at eit lite dytt og ein god dose omsorg gir gode resultat.

Nye kampsaker og medlemar

Aanderaa får prøve sine eigne leiareigenskapar når han tek til som leiar 7. juni. I mellomtida skal han førebu seg på den nye rolla, og sakene organisasjonen skal ta tak i.

Dette meiner han er dei viktigaste sakene landstinget vedtok å jobbe for:

  • Auka tilgang til frie middel til barne- og ungdomsfrivilligheita.
  • Styrke tilgang på eigna lokale.
  • Forenkle dei lovpålagde krava for den unge frivilligheita og kontakten med det offentlege.

– Kva er den største sigeren på årets landsmøte?

– At LNU-fellesskapet veks ved at vi fikk to nye medlemmer: FN-studentane og Norsk Bridgeforbund!

– Kva er den neste kampen?

– Den neste kampen blir å sikre at enda fleire barn og unge får delta i frivillige og demokratiske fellesskap!

Ungdomsengasjement

Engasjementet til 26-åringen starta då han var 17 år og vart med i Operasjon Dagsverk.

– Der fann eg ut at eg elskar å organisere og vere med andre folk. Då er frivillige organisasjonar heilt perfekt! I tillegg fekk eg erfart at det nyttar òg. Både organiseringa som vart gjort i Noreg og prosjekta som vart gjennomført i utlandet.

Frå der gjekk vegen vidare til LNU.

– Mine hjartesaker er at engasjement kan ta forskjellige former og varigheit. Det skal ikkje vere opp til «vaksne» å definere kva som tel som engasjement eller korleis det skal gjerast.

Roing og Morgenbladet

På fritida likar Aanderaa alt frå å ro og gå på ski, til å dra i badstue.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg held meg oppdatert med nettaviser, radio og Morgenbladet. Unngår pushvarsel!

Nettaviser er også den største tidstjuven for han.

– Du vaknar opp i morgon til din draumenyheit: Kva er overskrifta?

– Eg har den same draumen som avtroppande styreleiar Margrete hadde: Stemmerett til 16-åringar i Noreg!

Hawking og one-pot-pasta

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?

– Idealsamfunnet for meg er eit samfunn der barn og unge får påverke utviklinga i samfunnet. Det er eit samfunn der barn og unge får delta og forme dei felleskapa dei er ein del av. Eg trur vi kjem dit lettast ved at unge får moglegheit til å delta i ein eller fleire frivillige organisasjonar.

Foto av vektlaus Stephen Hawking: Jim Campbell/Aero-News Network [Public domain], via Wikimedia Commons

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Stephen Hawking! Fordi eg synest det er gøy å prøve å forstå kva som skjer med fysikkens lover i ekstreme situasjonar. Trur den riktige retten blir då å servere ein one-pot spagetti.

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese?

– Ei bok alle burde lese er Livewired – the inside story of the ever-changing brain. Ei bok om kor fantastisk hjernen er og evna hans til å tilpasse seg ekstern stimuli.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

The Diplomat på Netflix. Ein spennande og morosam serie!

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Ten – Fred Again