Påtroppande leiar i Press – Redd Barna Ungdom trur han kunne hatt givande samtalar rundt middagsbordet med begge to.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Hjartesaka mi er at barns rettar aldri skal vera kontroversielt å snakka om eller kjempe for, forklarar den påtroppande leiaren i Press – Redd Barna Ungdom, Marius Sjølyst.

24-åringen frå Røyken er valt til ny leiar for Press – Redd Barna Ungdom.

– Me er i ei verd der statars eigne interesser, nasjonalistiske forteljingar og politisk forteneste blir sett høgare enn barns rettar.

Marius Sjølyst

Alder: 24 år

Personleg pronomen: Han/Han

Frå: Røyken

Yrke/utdanning: Bachelor i Freds- og konfliktstudium

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag

Ulike verv: Akkurat no har eg ingenting anna enn 2. nestleiar og påtroppande leiar, men har tidlegare hatt verv både lokalt og nasjonalt i mellom anna Press, Operasjon Dagsverk og Elevorganisasjonen

Medlem i: Press – Redd Barna Ungdom

For å sitera grunnleggjaren av Redd Barna, Eglantyne Jebb: «Alle krigar er ein krig mot barn» og det skal ikkje vera kontroversielt å kjempa for barns rett til liv – uansett kva side dei kjem frå, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

Tidlege leiarfigurar

Dei tre viktigaste sakene for Press den kommande perioden er kroppspress og psykisk helse, asylbarns rettar og barns digitale rettar.

I året som kjem har dei redusert arbeidsmengda for å få overskot til å driva med meir politisk påverknad. Og den nye leiaren gler seg stort over engasjementet som kom fram på landsmøtet.

– Det var kjempespennande og flotte diskusjonar om kva retning som skulle setjast for Press og gjer meg motivert for perioden som kjem.

Sjølyst synest det er vanskeleg å svara på kva type leiar han vil vera, men har gjort seg fleire tankar.

– Det eg har komme fram til er at eg ønskjer å vera ein tydeleg leiar som bidreg til å setja ei retning, men like viktig vera ein open og ærleg leiar som tek imot konstruktiv kritikk med opne armar.

Han er utruleg takksam for alt han har lært av sin forgjengar Maja Egge, som har vore ein viktig motivasjon inn i leiarrolla.

– Eg trur også mitt første møte med leiarar har vore med på å forma mitt syn på ein god leiar. Eg byrja den frivillige reisa mi i Operasjon Dagsverk som tenåring og då var Rahman Chaudhry leiar for Elevorganisasjonen og Sandra Skiaker var leiar for Operasjon Dagsverk. Dei er til den dag i dag leiarfigurar eg ser opp til, og viss eg klarer å gjera halvparten så god jobb som dei så er eg fornøgd.

Meir radikale

Den viktigaste skilnaden mellom ungdomsorganisasjonen og moderorganisasjonen er at Redd Barna må vera meir diplomatiske og ta omsyn til Save the Children International, medan Press – Redd Barna Ungdom er friare og er meir radikale i politikken.

– Summen er at me er langt kulare! Me er unge og uredde i kampen mot barnerettsbrot og urettferd i tillegg til å vita betre korleis barn og unge har det i dag fordi medlemmer og tillitsvalde er unge sjølv! Naturlegvis all honnør til Redd Barna og deira fantastiske arbeid, skriv Sjølyst, som understrekar at organisasjonane samarbeider veldig godt.

– Kva er den neste kampen?

– Press er jo ein organisasjon som har kjempa for dei same tinga i mange år, mellom anna asylbarns rettar, som er eit felt som ser veldig lite utvikling. Så me kjem aldri til å gi oss på det feltet, spesielt når det kjem einsleg asylsøkjande barn og barn som forsvinn frå mottak.

Tilfeldig engasjement

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Det var eigentleg rein tilfelle som vaks inn i eit engasjement då eg valde å bli med i skulekomiteen til Operasjon Dagsverk på vidaregåande. I Press-samanheng var det at ei venninne av meg overtydde meg om å stilla til sentralstyret til Press medan eg studerte freds- og konfliktstudium. Det er den beste avgjerda eg har teke nokon gong!

Sjølyst freistar å gå gjennom dei fleste avisene når han kjem på kontoret på morgonen og held seg oppdatert med nyheitsvarsel frå dei fleste avisene på telefonen.

Den nyheita han aller helst skulle blitt møtt av var: «Omsorgsoverføring: Barnevernet får ansvar for einsleg asylsøkjande barn».

– I alt for lang tid har einsleg asylsøkjande barn mellom 15–18 år vore under UDIs omsorg. «Omsorg» er feil ord å bruka, då det snarare er mangel på omsorg. Press har kjempa for dette i ei årrekkje, og me kjem ikkje til å gi oss før alle barn blir behandla som barn, og at barnevernet får ansvar for dei einsleg asylsøkjande barna mellom 15–18 år.

Scrolling og gitar

– Kva gjer du på fritida/hobbyar?

– Mesteparten av fritida mi går til å spela gitar! Har spelt gitar sidan eg var 15 år og finn framleis stor glede i både å spela og reparera gitarar.

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Det er veldig flautt å innrømma, men eg trur det må vera telefonen. Blir ofte slukt inn scrollinga og kan sitja ganske lenge festa til skjermen.

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal me nå det?

– Det ideelle samfunnet mitt er eit opplyst samfunn der hovudfokuset til politikarane er å bidra til at samfunnet er opplyst, sanningssøkjande og demokratisk. Samfunnet er i aukande grad polarisert, diskriminering og rasisme aukar og det sanningssøkjande demokratiet er under press. Eg ønskjer meg eit samfunn utan diskriminering og rasisme, der barn og unge av alle aldrar og bakgrunnar medverkar i sine liv og i politikken.

Marius Sjølyst er hundemenneske og har hunden Ella på sju år. | Foto: Privat

Kong Harald og Henrik Syse

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Heilt sidan forgjengaren min fekk desse spørsmåla for eit år sidan har eg tenkt «Kva ville eg svart viss eg fekk det spørsmålet?». Eg har tenkt lenge på det, og prøvd å komma på eit svar som kanskje fleire kan kjenna seg igjen i og ikkje berre er baserte på mine interesser, men så langt kom eg ikkje. Eg står mellom to: Henrik Syse, forskar på PRIO og filosof eller Kong Harald. Eg trur eg kunne hatt veldig spennande og givande samtalar med begge to, og hadde nok servert heimelaga ravioli med spinat og kremost i tomatsaus.

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?

 – Eg synest alle burde lesa Hva er demokrati? av Hal Koch. Den gir eit nytt perspektiv på demokrati. At det ikkje er eit system som kan setjast i stand eller noko som varar evig. Han skildrar det heller som eit levesett, nesten eit trussamfunn og at det er ein evig kamp for å ta vare på.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

Peaky Blinders er min all time favoritt, som eg stadig tilrår sjølv om det ikkje har kome noko nytt på ei stund

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Seed of memory av Terry Reid hjelper alltid.