Den nye Unge Sentrum-leiaren brenn for det grøne skiftet og kampen mot utanforskap.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg har alltid vore interessert i lokale, nasjonale og internasjonale saker, men følte aldri at det fantest eit parti som klarte å sjå det store biletet.

For Håvard R. Magelssen mangla det eit parti som både forstod samanhengen mellom økonomiske, miljømessige og sosiale utfordringar, og som var villig til å gjere noko med heilskapen. Det endra seg då Partiet Sentrum og Unge Sentrum vart stifta i 2020.

Håvard R. Magelssen

  • Alder: 21
  • Personleg pronomen: Han
  • Frå: Tønsberg
  • Yrke/utdanning: Tar ein Bachelor i internasjonale miljø og utviklingsstudium ved NMBU
  • Favorittfag på skulen: Samfunnsfag og engelsk
  • Ulike verv: Leiar for Unge Sentrum, fotojournalist for studentavisa Tuntreet
  • Medlem i: Partiet Sentrum, Unge Sentrum og KFUK-KFUM Norge

 

– Då melde eg meg inn, saman med mange andre som aldri før hadde vore engasjert i partipolitikken, fordi vi endeleg fann vårt parti. Unge Sentrum skal vere ein kunnskapsbasert politisk brubyggjar på tvers av ideoligiske skiljeliner.

God stemning på stand med Unge Sentrum. Foto: Privat

Ser opp til Mandela

No har Magelssen tatt steget opp og blitt leiar for ungdomspartiet. Han ønsker å vere ein leiar som inspirerer og skildrar seg sjølv som ein idealistisk praktikar, hardtarbeidande og hjelpsam leiar.

– Eg vil at ein både skal få lov og bli utfordra til å prøve ulike oppgåver i organisasjonen. I Unge Sentrum skal ein uansett kva ein har bidrege med føle at det både har vore sosialt og lærerikt å vere ein del av.

Sør-Afrikas president og fredsprisvinnar Nelson Mandela er eit førebilete for Håvard R. Magelssen.

Han trekker fram Nelson Mandela som eit leiarførebilete, men også mange av dei han møter i kvardagen er førebilete på ulike måtar for 21-åringen.

Hjartesaker

Magelssen sine hjartesaker er kampen mot utanforskap og det grøne skiftet, som han meiner betyr meir enn å gå frå fossile til fornybare energikjelder.

– Det er også heilt avgjerande at vi klarar å omstille oss som samfunn. Overforbruk er den viktigaste grunnen til verdas miljøkriser ifølgje FN. Difor trengst det eit nytt system som set velferd over vekst.

Han er oppteken av at oljeleitinga skal stansast og oljenæringa avviklast på ein trygg og ansvarleg måte, samstundes som ein varetek alle arbeidarane i petroleumsnæringa.

Unge Sentrum-leiaren meiner òg det offentlege ordskiftet har behov for meir toleranse og mindre polarisering.

– Hadde vi tatt oss tid til å prate saman i staden for å gyve laus på kvarandre, hadde samtalane med ein gong blitt meir konstruktive og produktive.

Draumenyheit

Ungdomspolitikaren meiner idealsamfunnet er eit samfunn der vi lever innanfor naturens og samfunnets tolegrenser.

– For å oppnå eit slikt samfunn trengst det at vi politikarar prioriterer langsiktige og rettferdige tiltak. Vi må forbruke mindre, gjenvinne meir og bruke handel for å sikre ressurstilgang og fordeling. Vi må saman skape eit samfunn der behova til menneske og miljø blir sett først!

– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?

– Verda har blitt sosial, økonomisk og miljømessig berekraftig!

CRPD og Midtausten

Når han no tar til i rolla som leiar for ungdomspartiet, vil CRPD, fred i Midtausten og ei betre framtid vere sentrale saker for partiet.

– Regjeringas ekspertutval kom med tilrådinga i januar om at konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne må inn i norsk lov, og sidan har det vore lite handling. Unge Sentrum meiner at konvensjonen no må bli tatt inn i norsk lov utan forseinkingar, understrekar leiaren.

Unge Sentrum meiner vidare at Noreg må presse Israel til å respektere internasjonale forpliktingar gjennom boikott, og trekke ut investeringar og sanksjonar.

– Ei våpenkvile mellom Israel og eit anerkjent Palestina krev umiddelbar handling. Alle gissel må frigjerast på begge sider.

Elles skal dei halde fram å representere breidda i sentrum og vere samarbeidsvillige med nesten alle sider av norsk politikk.

– Den neste kampen for Unge Sentrum vil vere å kjempe for eit opptakssystem til høgare utdanning som ikkje skapar meir utanforskap og som sikrar at motivasjon og erfaringar betyr minst like mykje som karakterane på vitnemålet.

Middag med den britiske dronninga

Sjølv om mykje av tida går til utdanning og Unge Sentrum, tar Magelssen seg også tid til å lese bøker, spele innebandy, vere fotograf og gå fine turar i naturen.

– Aller mest glad er eg i å vere med vennar og familie.

På fritida likar den nye Unge Sentrum-leiaren å vere ute i naturen. Foto: Privat

For å halde seg oppdatert, startar han kvar morgon med å lese nyheiter under frukosten.

– Då tar eg gjerne ein sjekk innom Al Jazeera, New York Times og NRK for å halde meg oppdatert på kva som har skjedd rundt i verda. Og så høyrer eg gjerne på politisk kvarter på veg til førelesing.

Men sjølv om han synest det er viktg å ta til seg nyheiter og informasjon, kan det nokre gonger bli litt for mykje av det gode, og bli ein tidstjuv i kvardagen.

– Så då er det godt ein kan kople av med vennar og familie, meditere litt, gå ein tur eller lese ei god bok.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag?

Dronning Elizabeth II i 2015. Foto: Ministry of Defence OGL 3

– Eg hadde invitert dronning Elizabeth II. Kvifor? Å kunne få høyre frå dronninga sjølv både om livet, men også korleis det var å være dronning gjennom mange ulike historiske hendingar ville vore veldig spanande. Eg hadde servert småmat, lefse og gommokaku.


Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese? 

Denne boka gjorde inntrykk på den nye Unge Sentrum-leiaren. Omslag: Cappelen Damm

– Det var eit godt spørsmål, men eg får seie boka Aldri av Ken Follet som eg nettopp har blitt ferdig med. Det er ei meget god bok som skildrar verda i dag og gir lesaren eit unikt blikk inn i korleis internasjonale relasjonar, etterretning og vi menneske fungerer. Ken Follet fortel om alt det som aldri må skje, men som kan skje i internasjonal politikk. Boka er rett og slett ei kraftig åtvaring.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Akkurat no må det vere Fallout, ein god miks av både samfunnssatire og alvor.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Sunny av Boney M. er eit must med ein gong våren kjem og sola tittar fram.