EU rustar seg til valet: – Blir viktig for Noreg

Det kommande valet til nytt EU-parlament vil bety mykje for Noreg, meiner EU-ambassadør Anders Eide. Han drog til Strasbourg for å ta tempen på valstemninga.

NPK-NTB – Bibiana Piene
Publisert

I gangane i EU-parlamentet i Strasbourg er stemninga høgspent. Det er siste sesjonen før EU-valet.

I storsalen er parlamentarikarane i full gong med ei maratonavstemming. Eit rekordhøgt tal rettsakter og resolusjonar, nesten 90 i talet, skal dunkast igjennom før eit nytt parlament tek over.

I korridorane myldrar det av rådgivarar og assistentar. I tillegg er rundt tusen journalistar på plass. Det er også rekord.

For no startar valkampen for alvor – med offisiell opning måndag. Om seks veker skal borgarane i EU-landa gå til valurnene og velje eit nytt parlament for dei neste fem åra.

Tek pulsen på stemninga

Blant dei som følgjer valet med argusauge, er Noregs EU-ambassadør Anders Eide. Han har teke turen til Strasbourg for sjølv å ta pulsen på stemninga.

– Tanken er å snakke med parlamentarikarane om tida vi går inn i, og ta tempen på prioriteringane framover, seier han til NTB.

For sjølv om nordmenn ikkje har ei stemme i valet, vil utfallet i høgaste grad påverke Noreg og norsk politikk, understrekar ambassadøren.

– EU-parlamentet er ein av to lovgivarar i EU, så dei har stor innverknad, seier han og minner om at rundt 90 prosent av lovene EU vedtek, blir importerte til Noreg gjennom EØS-avtalen.

Så langt har rundt 14.000 rettsakter vorte innførte.

Men Noregs høve til å påverke det som går føre seg i parlamentet, er nokså avgrensa, medgir Eide.

– Vårt handlingsrom i EU er større jo tidlegare vi kjem inn i prosessane. Når dei har komme så langt som til parlamentet, så er ein ofte eit stykke uti avgjerdsprosessen. Så her er nok handlingsrommet ganske innskrenka.

Produktiv periode

Dei siste fem åra har EU gått frå krise til krise – frå brexit og pandemi til krig i Ukraina og energikrise.

Men det har ikkje lamma EU. Tvert imot. Nye lover og regelverk har vorte produserte i ekspressfart, blant dei EUs grøne pakke «Klar for 55».

– Vi har vore med på å omstille eit heilt kontinent i grøn retning på ein måte som ikkje noko anna kontinent har gjort før oss, seier den danske parlamentsmedlemmen Morten Helveg til den danske avisa Politiken.

I tillegg er forordninga for digitale tenester (DSA), designa for å halde teknologigigantar som Meta og Google i taumane, og forordninga om kunstig intelligens (KI) døme på politisk nybrotsarbeid som kan få globale ringverknader.

Trass i skandalar om bestikkingar og spionasje i EU-parlamentet: Uoffisielt er dei siste fem åra allereie kåra til den mest produktive perioden i EU-historia. Spørsmålet er om det vil halde fram i same lei.

Årets val i EU-parlamentet er spennande å følge med på, meiner Ulrik Stange i Europeisk Ungdom (t.v.) og Kim René Hamre i Ungdom mot EU. (Biletet er vel å merke frå Berlaymont-bygget der EU-kommisjonen held til, ikkje EU-parlamentet).

Høgresving

Ifølgje målingane kan EU ta ein kraftig sving til høgre i dette valet.

Særleg har partigruppa Identitet og demokrati (ID) på ytre høgrefløya hatt stor framgang den siste tida og ligg an til å bli den tredje største gruppa i EU-parlamentet, føre det liberale Renew.

Saman med høgrepopulistane i partigruppa Europeiske konservative og reformistar (ECR) kan dei utgjere den nest største fløya i parlamentet. Det kan gjere det vanskelegare å skape fleirtal, noko som kan hemme det politiske arbeidet.

Slikt held mange parlamentarikarar vakne om natta, skriv Politico.

– Det vil gjere arbeidet vårt vanskelegare. Ingen tvil om det. Mange av desse partia er jo imot EU, seier ein høgtståande tenesteperson i parlamentet, som ikkje ønskjer å bli namngitt, til NTB.

Fattig trøyst

Eide held likevel døra open for at høgresvingen ikkje blir så stor som det kan sjå ut til.

– Det står att å sjå. Uroa for ei styrking av ytre høgre har vore der i tidlegare parlamentsval òg, seier han til NTB.

Ei – kanskje fattig – trøyst er at ECR og ID er usamde både seg imellom og internt i fleire saker, kanskje særleg i synet på den russiske angrepskrigen i Ukraina.

Men ei utbreidd frykt er at meir høgrepolitikk vil bety mindre grøn politikk frå EU framover.

– Eg trur det er reell grunn til å bekymre seg for eit «pushback» når det gjeld det grøne skiftet, seier Eide.

Kan setje rekord

EU-valet i år kan setje ny rekord når det gjeld valdeltaking. I ei meiningsmåling nyleg sa over 70 prosent at dei har tenkt å stemme.

– Skulle du gjerne sjølv stemd i valet?

– Det kan nok hende. Men samtidig er det jo i Noregs interesse at EU som demokratisk system er så velfungerande som mogleg. Så vi håpar at så mange europearar som mogleg faktisk bruker stemmeretten sin, seier Eide.


Indonesia er eitt av landa som har nasjonale val i 2024. Her stemmer ei kvinne på valdagen 14. februar i Medan i Indonesia.