Astrid Hoem (29) stiller ikkje til attval i AUF

AUF-leiaren meiner Arbeidarpartiet må jobbe meir for å nå unge.

Åshild Slåen
Publisert

Astrid Hoem melde onsdag at ho går av som leiar i AUF på landsmøtet i oktober.

– Det følast riktig no. Sjølv om AUF har vore min heim halve livet mitt, og det sjølvsagt blir trist og vemodig å seie takk for no i oktober, seier ho til VG.

Hoem har vore leiar i ungdomspartiet sidan 2020. Då vart ho den yngste leiaren på 45 år.

I intervjuet med avisa trekker ho fram klimaendringar og levekostnader for unge som store problemstillingar Arbeidarpartiet må ta tak i dersom dei vil nå unge.

Hoem har førebels ikkje sagt noko om planane hennar etter leiarvervet.

– Fyrst skal eg vere med på å legge ein plan inn mot landsmøtet i AUF til hausten og mot landsmøtet i Ap neste vår, for korleis vi skal vinne att unge veljarar. Etter det anar eg ikkje.

Vil du vite meir om Astrid Hoem? Les intervjuet vårt med ho frå 2020:

AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem (25) ville gjerne invitert avdøde Nelson Mandela på favorittretten bacalao. Foto: John Mathew Smith og Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet