Den nye AUF-leiaren ville servert Nelson Mandela bacalao

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg melde meg inn i Kristiansund AUF for dei kjempa hardast for å få byggja ein skatepark, mimrar den nye AUF-leiaren Astrid Willa Hoem.

Skatepark vart det, og slik såg nordmøringen at engasjementet nytta.

– Eg vart i AUF for eg såg kor urettferdig verda var, og at det ikkje handlar om vi har nok ressursar men at ressursane er dårleg fordelt. Og eg er sosialdemokrat fordi det handlar nettopp om det nære, som ein skatepark i Kristiansund. Til dei store spørsmåla om klimakrise og ulikskap, skriv Hoem i ein e-post til Framtida.no.

Astrid Willa Eide Hoem (25) jubla etter ho vart vald som ny leiar av AUF i helga. Foto: Erlend Birkeland/AUF

Klimagassar, mindre forskjellar og ein ny generasjonskontrakt

Astrid Willa Hoem meiner dei tre viktigaste sakene for AUF anno 2020 er:

  1. Kutte klimagassutslepp samtidig som ein held folk i jobb
  2. Stoppe dei aukande forskjellane
  3. Sikre at vår generasjon får same moglegheiter som foreldregenerasjonen vår gjennom ein ny generasjonskontrakt.

Akkurat no er hjartesakene til 25-åringen iskanten og vern av dei sårbare naturområda og forbod mot atomvåpen, som ho håpar AUF får gjennomslag for på Arbeidarpartiet sitt landsmøte.

For Hoem er førebileta alle dei som engasjerer seg i AUF.

– Dei som vaknar opp op tenkjer på skulehelsetenesta, Palestina og klimakrisa. Dei forventar gjennomslag for vår politikk. Eg vil vere ein leiar som våre medlemmar kan stole på at går i kampen for ei meir rettferdig og solidarisk verd.

Skulle ho vakna opp til si draumeoverskrift hadde det vore: «Klimakrisa er løyst og vi har skapt endå fleire jobbar enn før!»

«Reis hvis du kan, bli hvis du må»

– Korleis held du deg oppdatert?

– Sjekkar nettavisene med jamne mellomrom.

– Kva gjer du på fritida/hobbyar?

– Les bøker, ser på film og er med vener, svarar Hoem.

Helga Flatland har fått Tarjei Vesaas’ debutantpris, Ungdommens kritikerpris, Aschehougs debutantstipend, og vart nominert til P2-lyttarane sin romanpris for «Reis hvis du kan, bli hvis du må». Foto: Agnete Brun/Aschehoug

Ho er ikkje i tvil om kva for bøker alle bør lesa: Helga Flatland sin trilogi som startar med «Reis hvis du kan, bli hvis du må».

– Dei bøkene er dei som har klart å skildra sorg på den mest treffande måten eg har lese, og frå ulike perspektiv. Bøkene viser kor mykje dei små og store fellesskapa betyr, og at me menneske treng andre menneske.

Mandela, Ballz og TikTok

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Mobilspelet Ballz, og litt TikTok.

Astrid Eide Willa Hoem brukar ein del tid både på mobilspelet Ballz og Tiktok. Foto: Tiktok og Ballz

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Nelson Mandela. Trur han kunne kome med kloke råd for tida me lever i – kor me ser hat og rasisme veks. Ville servert bacalao, det er det beste eg veit og nærast ein nasjonalrett for kristiansundarar.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn kor du kan vere deg sjølv uansett kven du elskar, kor mykje du tener og kor du kjem frå – fellesskapet skal stille opp for deg uansett. Eit samfunn for ulike menneske, men med like moglegheiter.

Så fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Katt. Er litt redd hundar. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Taco. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER HUNGER GAMES? Harry Potter. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELLBILLIES? Vanskeleg! Men må bli Queen B.


Les også: Ola Svenneby ville invitert Dronning Elizabeth II på flesk og duppe!

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby ville gjerne invitert dronning Elizabeth på flesk og duppe. Foto: Joel Rouse/ Ministry of Defence

Astrid Willa Eide Hoem

Frå: Kristiansund

Alder: 25

Yrke/utdanning: Bachelor i utviklingsstudiar

Favorittfag på skulen: samfunnsfag

Ulike verv: Leiar i AUF

Medlem i: AUF, HK, Natur og Ungdom, støttekomiteen for Vest-Sahara og fleire andre.