FHI: Markant auke av antibiotikaresistente bakteriar i 2023

FHI er bekymra for utviklinga av antibiotikaresistens.

NPK-NTB
Publisert

Talet på personar i Noreg som vart smitta med antibiotikaresistente bakteriar auka markant frå 2022 til 2023. Folkehelseinstituttet (FHI) er bekymra for utviklinga.

Det er spesielt auken av karbapenemase-produserande bakteriar (CPO) som bekymrar FHI. I 2023 vart 251 personar melde smitta, samanlikna med 180 personar i 2022. I 2021 var talet berre på 68.

CPO er ein bakterietype som er svært resistente mot effektiv antibiotikabehandling

Tala kjem fram i FHIs årsrapport «Forekomst av resistente bakterier og sopp med spesiell betydning for smittevern i helsetjenesten i Norge».

– Auken av CPO-bakteriar er svært urovekkjande fordi dei kan gi alvorlege infeksjonar, og vi har svært avgrensa – nokre gonger ingen – effektive antibiotika som fungerer, seier overlege Miriam Sare ved FHI.

Sare meiner auken av CPO kjem av ein kombinasjon av utanlandsreiser og migrasjon til Noreg frå land med høg førekomst av antibiotikaresistente bakteriar.

– Medisinsk evakuering av pasientar frå Ukraina til norske sjukehus har også bidrege, legg ho til.