Rapport: Éin av fem norske kvinner oppgir å ha vorte valdtekne

I Oslo oppsøker fleire jenter mellom 14 og 18 år hjelp mot overgrep.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Kvar femte norske kvinne oppgir å ha vorte utsett for valdtekt, og over halvparten av valdtektene skal ha skjedd før dei fylte 18 år, ifølgje ein ny rapport.

Rapporten er utarbeidd av Folkehelseinstituttet (FHI) på oppdrag frå Helsedirektoratet, skriv VG.

– Dette er rett og slett bekymringsfulle tal, seier direktør Cathrine M. Lofthus i Helsedirektoratet.

Ifølgje rapporten har talet på førespurnader ved overgrepsmottaket i Oslo auka med 70 prosent dei siste ti åra. 95 prosent av dei som oppsøkjer hjelp, er jenter. Størst er auken blant jenter mellom 14 til 19 år.

Forskarane har søkt etter studium i fleire databasar og inkludert åtte av dei i analysen. Det dreier seg om studiar frå mellom anna Noreg, Sverige og Storbritannia. I tillegg til gjennomgang av forsking har FHI gjort fokusgruppeintervju med tilsette ved overgrepsmottaket i Oslo og etterforskarar i Kripos.

Rapporten viser også ein sterk samanheng mellom valdtekt og alvorlege psykiske konsekvensar. Mellom anna kjem det fram at jenter som er utsette for valdtekt eller andre seksuelle overgrep, har mellom to og fire gonger høgare risiko for å meld om sjølvskading eller sjølvmordsforsøk.

Dei tilsette ved overgrepsmottaket og Kripos beskriv ei endring i valdtektssakene dei siste ti åra, mellom anna gjennom meir bruk av halsgrep, filming av overgrep og utpressing på nett.

– Hovudessensen er at dette er urovekkjande. Me må klare å ta vare på desse jentene på ein heilt annan måte, seier Lofthus.