Bokmelding: Utveg – underhaldande om venskap og løyndommar

I debutboka si fortel Erling A. Westgaard Flote godt om ungdomstida. Hovudingrediensane er løyndommar, ungdomsopprør og venskap.

Magnus Rotevatn
Publisert

Utveg er ei godt komponert ungdomsbok. Ho er lett å pløya seg gjennom og særs engasjerande. Det er liten fare for at ein legg boka frå seg midtvegs.

Eg blei i alle fall underheldt.

Romanen Utveg handlar om Johanne. Ho har to problem.

Fakta

Tittel: Utveg
Forfattar: Erling A. Westgaard Flote
Forlag: Samlaget
Utgjeve: April 2024
Sjanger: Roman

 

For det fyrste så har bestevenen hennar, Marte, fått seg kjæraste og blitt heilt fråverande. Når Johanne eigentleg treng nokon som kan trøysta ho, får ho ikkje anna enn kjærastebilete frå Marte.

I tillegg så forventar faren til Johanne at ho skal ta over slektsgarden. Men Johanne har overhovud ikkje lyst til det. Ho har andre planar for livet.

Likevel så har Johanne alltid vore pliktoppfyllande og tilpassa seg andre. Faren har ikkje forstått at ho ikkje ynskjer å arva garden, og Johanne krev lite frå Marte.

Lett å leva seg inn

Forteljinga om Johanne er stødig ført i pennen av Erling A. Westgaard Flote. Dette er debutboka hans.

Handlinga er godt fortald, heilt utan daudpunkt. Sjølv ganske kvardagslege situasjonar blir temmeleg god lesnad. Det er lett å leva seg inn i boka.

Flote har med andre ord snikra saman eit godt plott. Det inneheld løyndommar, nydelege vårdagar, ungdomsopprør – og viktigast av alt, venskap.

Tynne personskildringar

Sjølv om Utveg er ei solid bok, er ho ikkje utan manglar. I likskap med ungdomsbøker flest, er denne boka prega av at ho må vera lettlesen – berre det mest naudsynte får vera med.

Ingen i persongalleriet blir særleg utbroderte. Difor er dei meir typar enn heilstøypte menneske. Når ein veit lite om personane, er det heller ikkje så mykje som står på spel. I tillegg verkar ein del av det som skjer, særleg i byrjinga, å vera ganske umotivert.

Dialogane er heller ikkje alltid truverdige. Og språket har ein del forstyrrande rusk. Til dømes synest eg det er uinteressant å høyra om kva utvekslingsmoglegheiter det er på psykologistudiet ved UiB, sjølv om hovudpersonen ynskjer å bli psykolog.

Skildringa av venskap er boka si styrke

Som så mange andre ungdommar er den største utfordringa til Johanne knytt til det å våga å berre vera seg sjølv.

Katalysatoren i Johanne si identitetsreise heiter Linn – ei gæren jente som Johanne ikkje har hatt kontakt med sidan ungdomsskulen.

Ho er ikkje ein person som Johanne har lyst å bli sett saman med. Linn har droppa ut av skulen. Ho drikk, røykjer og festar.

Men kanskje er det nett ein sånn ven Johanne treng? Ein som gjev litt meir faen. Kan Johanne då læra å stå opp for seg sjølv?

Samspelet mellom Johanne og Linn er utvilsamt den største styrken til boka. Gjennom desse to karakterane klarar forfattaren å skildra kor sår ungdomstida kan vera. Ikkje minst blir det formidla ein god del visdom.