Monica Goksøyr får Tarjei Vesaas’ debutantpris

«Slemme jenter» er tittelen på novellesamlinga som Monica Goksøyr forfattardebuterte med. No får ho Tarjei Vesaas' debutantpris for utgjevinga.

NPK-NTB
Publisert

«Slemme jenter» blir av juryen karakterisert som «en stringent novellesamling som evner å skrive fra flere perspektiver, og gi leserne nye innsikter».

Dei sju novellene har alle jenter i hovudrolla. Jenter som vil vekk frå kvardag og jaktar på spenning og grenseoverskridingar. Som er skadde, og som skadar.

Skadde menneske

– Er dei eigentlig så slemme desse jentene? I grunnen ikkje, men dei er, kvar på sin måte, ufrie. Dei lir under for trange rammer, for stram regi, og dei prøver etter evne å utfordre dei begrensningar omgjevnadene har tvinga på dei, lyder det i omtalen til juryen – som påpeikar at tittelen heller viser til ein paternalistisk hersketeknikk som reduserer forsøka til kvinner på å rydde seg plass i verda til noko barnleg og i siste instans, håplaust.

– Målet mitt er først og fremst å meistre litteratur som kunstform, gjerne med humor. Eg har ingen konkrete moralske bodskapar, trur eg, utover å påpeike at samfunnet vårt produserer skadde menneske, men eg tilbyr ingen svar, har Monica Goksøyr, som er fødd i 1990, sagt til Samtiden.

– Har sett djupe spor

Prisen vart skipa til av Tarjei Vesaas i 1964 med pengane han fekk som vinnar av Nordisk råds litteraturpris dette året. Kona Halldis Moren Vesaas skriv i erindringsboka si at han hugsa frå si eiga første skrivetid kor mykje ei oppmuntring kunne ha å seie for ein debuterande, ung forfattar.

Debutantprisen blir delt ut årleg til den beste unge skjønnlitterære forfattaren i fjor under 35 år. Bak står Den norske Forfatterforening, og det er dei litterære råda i foreininga som er prisjury.

Monica Goksøyr føyer seg til i alt 58 tidlegare prisvinnarar. «Forbløffande mange av dei har sett djupe spor etter seg i den litterære offentlegheita», skriv Forfattarforeininga i pressemeldinga.

Ho vil få prisen på Forfattarforeiningas årsmøte laurdag 9. mars.