NRK legg ned «Eides språksjov»

NRK vil ikkje lenger sende «Eides språksjov». Programleiar Linda Eide sluttar også i kanalen.

NPK-NTB
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talkshowet «Eides språksjov» hadde premiere 11. januar 2017 på NRK. No blir programmet lagt ned etter elleve sesongar.

Programleiar Linda Eide tek også farvel med kanalen.

– Det er ingen dramatikk eller affekt i dette. Men når NRK ikkje vil at vi skal lage «Eides språksjov» lenger, vil eg vie tida mi til eigne prosjekt, seier Eide til Bergens Tidende.

Eide sa opp jobben sin i NRK 1. april. Ho har sin siste offisielle arbeidsdag i kanalen 1. juni.

– «Eides språksjov» er den beste TV-ideen eg har hatt og eg har opplevd kolossal interesse og respons. Eg er også generelt stolt og glad for å ha fått gjort så mykje artig, sprøtt og givande i mitt kjære NRK i 35 år, seier Eide.

Eide ser bort frå likevel ikkje at ho kjem til å jobbe for NRK på enkeltprosjekt i framtida. Ho skal også vere programleiar for NRK-programmet «Landsloven minutt for minutt» saman med Hans Olav Brenner 24. august.