Joggedress eller grilldress

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Linda Eide er programleiar i «Norsk Attraksjon» og kjent for den raude joggedressen sin. Inspirert av spalta «Det djupe alvoret» i Dag og Tid, stiller vi henne dei mindre viktige spørsmåla.

LES OGSÅ: – For menn flest

– Kva er fordelen med joggedress, Linda Eide?

– Grilldressen er lett og ledig, perfekt til å laga fysisk fjernsyn i. Hoppa, springa, rulla, bada, stupa, spela eitt eller anna. For ein fjernsynsserie er det i tillegg viktig med noko å kjenna att, ein raud tråd, eit varemerke. Me var faktisk innom tanken på å bruka bunad, men eg hadde nok vorte arvelaus om eg skulle brukt vossabunaden eg fekk til konfirmasjonen til alt det eg har brukt joggedressen til. Heldigvis kom me fram til at grilldress kunne vera tingen for eit program som vårt. Det er også ein fordel at ingen medverkande treng kjenne seg særleg underdressa, og programmet får eit uformelt preg.

LES OGSÅ: Heilgrøne Hanna

– Ja, er det slik at du av og til hamnar i situasjonar der du tenkjer at DETTE hadde ikkje vore sosialt akseptert å gjera i meir formelle klede?

– Nei, alt eg har gjort har eg vel kunna gjennomført i formelle klede også. Bortsett frå å stå i bikini i ei rundkøyring, då … Men dei formelle kleda ville ikkje gitt det same smilet i biletet. 

– Seier du joggedress eller grilldress, forresten?

– Akkurat den typen eg har, kallar eg grilldress. Men eg har høyrt mange namn på den. Her om dagen var det ei som spurte om eg ikkje hadde på meg campingdressen min. Så det er uansett tydeleg at den vert knytt til reise- og ferieliv.

– Kor fekk du tak i dressen?

– Den er kjøpt til halv pris av halv pris på OBS på Lagunen i Bergen. Merket er Diadora. Italiensk dress, altså. Akkurat denne typen er faktisk utseld frå fabrikken.

– Mange skodespelarar er svært sjenerte heilt til dei får på seg kostyme og kjem ut på scena. Har joggedressen same funksjon for deg?

LES OGSÅ: Fansen som slår belieberane

– Absolutt. Fotografen min har kalla den ei supermanndrakt. Eg tek på meg dressen og blir suveren på ein måte som er mest overtydande for meg sjølv.

– Interessant. Kanskje dei magiske kreftene til grilldressen er det som skal til for å redda jorda frå klimatruslar, krig og kapitalisme … Trur du verda ville vore ein betre stad dersom politikarane gjekk i grilldress i viktige forhandlingsmøte?

– Nei, til det er eg for pessimistisk på verda sine vegner. Eg trur berre verda ville vorte ein betre plass om politikarane tok til fornufta, såg meir enn fire år fram i tid, og faktisk gjekk føre folket, ikkje bak.

Denne saka stod først på trykk i Magasinnett.