World Press Photo har lansert bileta som kan verta kåra til årets pressebilete 2023.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Juryen i World Press Photo presenterte onsdag 3. april dei 24 regionvinnarane av årets pressebilete i kategoriane enkeltbilete, fotoseriar, langtidsprosjekt og ope format. I tillegg presenterte juryen seks fotografar som får heiderleg omtale og to bilete frå krigen mellom Israel og Hamas som får spesiell merksemd.

18. april skal dei fire hovudvinnarane, inkludert årets pressebilete 2023, kårast i Amsterdam.

Her er eit utval av regionvinnarane, bilete som har fått heiderleg omtale og spesiell merksemd av juryen:

Etterdønningane etter Supernova Music Festival – Israel. 12. oktober 2023

Over 1100 personar vart drepne og over 200 personar vart tekne til fange av Hamas-krigarar nær grensa til Gaza den 7. oktober 2023.

Israelske luftangrep i Gaza – Gaza. 19. oktober 2023

Biletet viser ruinane i al-Zahra etter at 25 bustadblokker har blitt skotne i luftangrep. Sidan den gong har over 30 000 palestinarar blitt drepne og mange fleire er skadde og heimlause.

Krigen er personleg – Ukraina. 2022–2023

Ukrainske Julia Kochetova har dokumentert krigen i heimlandet sitt som starta då Russland invaderte Ukraina 24. februar 2024.

Bileta hennar er valt ut i Europa i kategorien ope format, og er ei personleg skildring av krigen i heimlandet.

Opprør – Brasil. 8. januar 2023

Ei veke etter at Luiz Inácio Lula da Silva blei svoren i eid som president i Brasil invaderte hundrevis av høgreekstreme tilhengjarar av tidlegare president Jair Bolsonaro presidentpalasset i hovudstaden Brasilia. Same dagen vart høgsterett angripen av demonstrantane som meinte valet var stole.

Journalistar som dokumenterte hendingane vart òg utsette for vald og trugslar. Gabriela Biló får heiderleg omtale av juryen for biletserien ho har teke for Folha de São Paulo.

 

Dei to murane – Mexico. 2019–2023

Alejandro Cegarra har over fleire år fotografert migrantar som freistar å koma seg frå Sør og Mellom-Amerika til USA. Biletserien hans er valt ut frå Nord- og Sentral-Amerika i kategorien langserie.

Koma heim frå krig – Etiopia. 21. september 2023

Frilansfotograf Vincent Hages sitt bilete av Kibrom Berhane (24) som møter mor si for første gong er valt ut som beste enkeltfoto frå Afrika. Den unge mannen vart med i Tigray Army etter at regjeringsstyrkar gjekk til åtak på landsbyen deira aust i Tigray-regionen i 2021. Det har vore kampar mellom paramilitære grupper og regjeringsstyrkar i Tigray-provinsen i Etiopia frå 2020 til våpenkvila i november 2022.

Kibrom Berhane mista beinet av ei granat ein månad før fredsavtalen. Biletet er valt ut frå Afrika.

Ingenmannsland – Tyskland. 2017–2021

Daniel Chatard har over fleire år dokumentert aktivistar som kjempar for naturen i den tyske regionen Rhinland. Både Greta Thunberg og norske aktivistar har vore involvert i protestane for å redda den vesle landsbyen Lützerath som var ein stor siger for aktivistane.

Afghanistan på kanten – Afghanistan. 2023

Sidan Taliban tok over Afghanistan 15. august 2021 har landet blitt forlate av det internasjonale samfunnet.

Verdas helseorganisasjon åtvarar om at millionar av barn lir av feilernæring og FN seier at 97 prosent av afghanarar er under fattigdomsgrensa.

 

Revolusjonen i Myanmar – Myanmar. 2021–2023

I februar 2021 tok militæret over styringa i Myanmar gjennom eit kupp. Militæret har slått hardt ned på protestane og væpna grupper kjempar vidare i borgarkrigen.

Den lokale fotojournalisten Ta Mwe får skryt av juryen for sitt personlege engasjement for å dokumentera motstandskampen med fare for eige liv.

 

Dei første klimaflyktningane i USA – USA. 2016–2023

Isle de Jean-Charles som ligg 130 kilometer sør for kysten til New Orleans søkk på grunn av erosjon som aukar som følgje av følgje av klimaendringar og offshore oljedrilling. Sidan 1955 har 98 prosent av landområdet forsvunne, slik at det no berre er ei tre kilometer vid og 300 meter brei øy. I 2016 gav staten støtte til å omplassera dei siste innbyggjarane til byen Gray, 65 kilometer borte. Det er det første samfunnet i USA som får støtte til å flytta på grunn av klimaendringar og seks år seinare har 30 heimar.

Fotograf Sandra Mehl får heiderleg omtale for fotoprosjektet der ho har dokumentert samfunnet og flyttinga av den fransktalande urbefolkninga Biloxi-Chitimacha-Choctaw.