Fascinerande landskap, hav-astronautar og eit romantisk kyss er blant dei beste dronefotoa kåra under Siena Awards.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Har du forsøkt å ta bilete med drone? Då veit du at det kan gi perspektiv og motiv som er spanande og annleis. Under fotofestivalen Siena Awards i Italia, har dei kåra årets beste dronebilete. Siena Awards skildrar seg sjølv som den leiande internasjonale konkurransen for dronefotografi.

Årets konkurranse fekk inn 4000 bidrag frå over 2000 fotografar frå 113 land, skriv dei i ei pressemelding.

Vinnarbiletet og andre bilete som har fått heiderleg omtale vil bli stilt ut på det naturhistoriske museet i byen.

Astronautar i havet

Årets vinnarbilete med drone er teke av israelske Gilad Topaz og har fått namnet «Drifting in Space». Biletet er derimot ikkje teke i verdsrommet, men syner personar i flytedrakter i Austersjøen utanfor Sverige.

Fotografen var om bord på ein isbrytar, og då skipet stansa, danna det seg eit basseng. Dei tok på seg nokre spesielle drakter og flaut rundt i vatnet, slik det på biletet ser ut som om dei svevar rundt som astronautar i verdsrommet.

Rakett

I tillegg til hovudvinnaren, har konkurransen kåra vinnarar i ulike underkategoriar. Vinnaren i sjangeren «urban» er dette fotografiet teke av russiske Yuriy Stolypin. Biletet «Rocket» syner Europas høgaste skyskrapar, Lakhta Center, som ligg i St. Petersburg.

Fotografen skal ha planlagt grunding og venta på perfekte vêrforhold i fleire månader før han greidde å knipse dette biletet.

Stranda kval

I kategorien «dyreliv» var det Toby Nicol frå England som trekte det lengste strået. Han vann kategorien med dette biletet som er teke i Perth i Australia. Fotografiet «Ocean Clean Up» syner eit augeblikk av livets syklus.

Ein spermkval var stranda i om lag fire dagar før han døydde. Dagen etter dukka denne tigerhaien opp for å gjere naturens arbeid.

Minimalistisk skateboarding

Aserbajdsjanske Alex Berasategi vann kategorien «sport» med biletet «Minimalist Action». Han tok biletet i høve ein jubileumsplakat til eittårsdagen for den nye skateparken i heimbyen hans Azpeitia.

I biletet fokuserer fotografen på linjene og utforminga av bana, og framhevar skaterampa sin elegante design og energi.

Ukraina-krigen

I kategorien «folk» gjekk Carol Guzy sigrande ut med biletet «Bucha, City of Death».

På biletet ser vi ein kyrkjegard med posar med døde menneske. Dei er henta opp frå ei massegrav, medan etterforskarar startar på oppgåva med å vurdere bevis på krigsbrotsverk i Butsja i Ukraina 9. april 2022. Byen var då nyleg frigjort frå russisk okkupasjon, kjent som Butsja-massakren.

Fascinerande landskap

Det beste fotografiet i kategorien «natur», er biletet «Ground Vein» teke av kinesiske Xiaoying Shi. Fotografen var fascinert av dei unike og fengslande geologiske formasjonane i Factory Butte i Utah i USA.

Han hadde allereie besøkt staden tre gongar før han skaffa seg ein drone og kom tilbake for å få dette blinkskotet. Det tok tre dagar før han fekk fanga det varme, svake lyset som framhevar det teksturerte landskapet på ein heilt spesiell måte.

Livets tre

Den italienske fotografen Isabella Tabacchi vann kategorien «abstrakt» med biletet «Tree of Life».

Det er eit luftfoto av det islandske høglandet, der naturlege mønster liknar eit tre. Biletet illustrerer den levande naturens kreative kraft mot det dramatiske islandske landskapet.

Bryllaupskyss

Skal du gifte deg i nærmaste framtid kan du la deg inspirere av dette litt annleise bryllaupsbiletet som vann kategorien «bryllaup».

Den polske fotografen Joanna Zdancewicz sitt bilete «Love from Above» forevigar eit brudepar nettopp frå lufta, der dei deler eit kyss i ei Volkswagen folkevogn-boble.