Sebastian Vinsent Natvik (20) er ny leiar i Norsk Målungdom

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver i Vestland vart i helga vald til ny leiar i Norsk Målungdom på organisasjonen sitt landsmøte på Vinstra.

Kristin Molvær
Publisert

– Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og ser fram til å kjempe for nynorsk og dialektmangfald på fulltid, seier den nyvalde leiaren i ei pressemelding.

Han tek over som leiar etter Tobias Christensen Eikeland.

Natvik har bakgrunn frå lokallaget Katten Målungdom på Bergen Katedralskule. Han har også sete i landsstyret og sentralstyret før han no tek fatt på leiarvervet.

Arbeidet framover

– Dei viktigaste sakene i Norsk Målungdom det neste året vil definitivt vere arbeidet med nynorsk i skulen og nynorsk i ein digital kvardag. I arbeidet med den komande opplæringslova må vi få på plass eit heilskapleg krav om at alle digitale læremiddel skal vere tilgjengeleg på nynorsk.

Han har sjølv erfart korleis det er å vere ein av få nynorskelevar i klassen.

Fekk ikkje bøker på nynorsk

– Då eg gjekk på vidaregåande i Bergen fekk eg ikkje lærebøker og digitale læremiddel på språket mitt, seier Natvik

– Kvart år opplever nynorskelevar over heile landet det same som eg gjorde. Er det liksom slik at vi er 2. rangs berre fordi vi skriv nynorsk? Er det rettferdig at vi nynorskelevar i fleire tilfelle må gå månadsvis utan lærebøker på språket vårt?

Det nye sentralstyret

Leiar – Sebastian Natvik, 20 år frå Alver i Vestland

1. nestleiar – Synne Solberg, 22 år frå Sør-Fron i Innlandet

2. nestleiar – Janne Urkegjerde, 19 år frå Stranda i Møre og Romsdal

Styremedlem – Johannes Rønning, 22 år frå Ørland i Trøndelag

Styremedlem – Ann-Mari Ruste, 20 år frå Dovre i Innlandet

 

1. vara – Sabina Fosse Hansen, 24 år frå Alver i Vestland

2. vara – Endre Helland Gujord, 18 år frå Bergen i Vestland

3. vara – Sylvelin Bækken Toft, 19 år frå Alver i Vestland