Dette er det nye leiarskapet i NSO

Norsk studentorganisasjon (NSO) har stemt fram arbeidsutvalet sitt for det komande året. Kaja Ingdal Hovdenak (24) blir ny leiar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kaja Ingdal Hovdenak er vald som ny leiar i NSO.

– Eg er utruleg takksam for tilliten Landsmøtet har vist oss i det nyvalde arbeidsutvalet. Vi er veldig motiverte for å stå på for studentrørsla i året som kjem, seier påtroppande leiar Kaja Ingdal Hovdenak, i ei pressemelding.

Hovdenak seier ho forventar at regjeringa og Stortinget skal halde fram arbeidet med å styrke kjøpekrafta til studentane gjennom statsbudsjettet, i tillegg til at rettstryggleiken til studentane skal forbetrast.

– Det komande året vil vi prioritere å betre studentøkonomien, og styrke rettstryggleiken, spesielt knytt til fuskeregelverket, stadfestar Hovdenak.

Arbeidsutvalet i NSO 2024/25:

  • Leiar: Kaja Ingdal Hovdenak (24 år), studerer ved Universitetet i Bergen og kjem frå Ås.
  • Nestleiar: Elida Linnea Slettum (23 år), studerer ved Universitetet i Bergen og kjem frå Notodden
  • Fag- og forskingspolitisk ansvarleg: Harald Bolstad Evensen (23 år), studerer ved Universitetet i Søraust-Noreg og kjem frå Tromsø
  • Fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg: Maiken Køien Andersen (22 år), studerer ved Universitetet i Agder og kjem frå Engerdal
  • Velferds- og likestillingsansvarleg: Signe Næss Røtvold (24 år), studerer ved Universitetet i Oslo og kjem frå Mo i Rana
  • Internasjonalt ansvarleg: Nora Rymoen Houidi (23 år), studerer ved Universitetet i Søraust-Noreg og kjem frå Moss