To av tre unge får hjelp av foreldre til bustadkjøp i Oslo
– Det bør vere ein skikkeleg «wake up»-call for politikarane, meiner Carl Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund.
Medan 51,4 prosent fekk økonomisk hjelp frå foreldra sine til å kjøpe seg bustad i Oslo i 2015, auka talet til 67 prosent i fjor.
Samtidig har talet på førstegongskjøparar falle til 47 200, som er det lågaste nivået registrert sidan målingane starta i 2018, melder Dagens Næringsliv.
Dette heng saman, og det bør vere ein skikkeleg «wake up»-call for politikarane, meiner direktør Carl Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund. Forbundet har utarbeidd statistikken.
– Den sterke bustadprisutviklinga i Oslo er den opplagde forklaringa på at så mange fleire unge no blir hjelpt av foreldra sine inn på bustadmarknaden. Den same bustadprisveksten som gjer det tøft for unge, har gjort at mange foreldre har råd til det, seier han til avisa.
Geving forklarer at foreldre gjennom fleire tiår har bygd seg opp store bustadformuar. I tillegg har bankar det siste tiåret gitt rammelån, som gjer det enkelt å låne opp for å hjelpe barna med eigenkapital.
Han meiner eigenkapitalkravet for dei som skal kjøpe bustad, må senkast i byte mot til dømes at låntakarar bind seg til fastrentekontraktar.