Taylor Swift blant 141 nye milliardærar

Aldri før har det vore så mange milliardærar i verda. No er også Taylor Swift dollarmilliardær.

Kristin Molvær
Publisert

– Det har vore eit fantastisk år for verdas rikaste, med fleire milliardærar enn nokosinne, seier Chase Peterson-Withorn i Forbes til The Guardian.

I fjor kom det 141 nye personar inn på lista til Forbes over verdas rikaste.

Swift på lista

Ein av dei nye på lista er Taylor Swift, som hadde eit kjempeår i fjor med sin Eras-turné og film der ho fekk store inntekter frå blant anna billettsal. Ho har no ein formue på 1,1 milliardar amerikanske dollar.

Ein milliard amerikanske dollar svarar til 10,8 milliardar kroner med dagens kurs. Til saman har dollarmilliardærane no verdiar som overstig bruttonasjonalproduktet (BNP) til alle land utan om Kina og USA.

Etterlyser regulering

Daisy Pearson frå Global Justice Now synest det er samvitslaust at nokon få individ har svimlande rikdom i ei tid der store delar av verdas befolkning lever i fattigdom. 

– Dette er berre mogleg gjennom utnytting, og deira monopolisering av rikdom og ressursar gir dei moglegheit til å samle enorm makt og innflytelse over avgjerder som påverkar kvardagen vår, seier ho til The Guardian.

Pearson etterlyser strengare regulering av verdas rikaste.

Verdas rikaste mann er sjefen for selskapet LVMH, Bernard Arnault, som blant anna eig Louis Vuitton. Han har også hatt ein auke i inntektene det siste året. Formuen hans har stige med omtrent 10 prosent, og ligg no på 233 milliardar amerikanske dollar.