Studentar fryktar plagiatfella

Mange medieoppslag om fuskesaker blant regjeringsmedlemmer har ført til at studentar går eit ekstra steg for å sikra at kjeldebruken er rett, bekreftar UiB-professor.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Studentane er veldig mykje meir merksame på det å referera skikkeleg og visa til kjeldene dei brukar, slik at dei ikkje uforvarande kjem ut i eit uføre der dei kan bli tekne for fusk, seier professor Anne Lise Fimreite ved Institutt for politikk og forvaltning ved UiB til NRK.

Ho har stadig fleire studentar som bankar på døra hennar. Typiske spørsmål ho får av studentane er om dei har referert riktig, om korleis sensor vil reagera på refereringa og kva ein skal føra opp i referanselista.

Leiar Henrik Haug for Studenttinget i Bergen seier at alle fuskesakene knytte til dei ulike regjeringsmedlemmene har blitt ein snakkis blant studentane.

– Eg trur mange studentar tykkjer det er meir krevjande å halda seg til dette no. Ein har jo lyst til å gjera det rett, slik at dei kan bestå oppgåvene, seier han.