Fleire ungdommar må avtene verneplikt – vil ta inn 13 600 nye soldatar årleg
Inntaket av vernepliktige soldatar skal aukast frå om lag 9000 i dag til 13 600 i året, men det skjer ikkje over natta.
Etter ein svak auke dei siste åra er det no om lag 9000 frå kvart ungdomskull som årleg avtener førstegongstenesta. Det svarer til rundt 15 prosent av kullet. Men no blir målet auka til rundt 25 prosent av årskullet.
– Vi treng å ta betre vare på dei folka vi allereie har, og vi treng nye, sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Han møtte pressa saman med partifellane og regjeringskollegaene sine, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl, på Terningmoen leir ved Elverum. Stortingsrepresentant Lise Selnes (Ap) frå Hedmark var også til stades.
– Når Forsvaret no skal vekse vil regjeringa i åra framover trappe opp inntaket med 50 prosent. Talet skal auke med 4500, fortalde forsvarsminister Bjørn Arild Gram på ein pressekonferanse på Terningsmoen ved Elverum.
Det skal investerast fleire milliardar kroner i Forsvarets anlegg på Terningmoen for å kunne ta imot 1800 rekruttar fire gonger i året. Auken i inntaket aukar også behovet for fast tilsette i ulike stillingar.
400 nye stillingar
– Det vil bli oppretta opp til 400 nye stillingar, sa finansminister Vedum.
Regjeringa vil styrkje utdanningskapasiteten gjennom utviklinga av Terningmoen og Madla som basar for Forsvarets rekruttskular.
Grunnutdanninga av soldatar i Hæren skal flyttast ut av dei operative avdelingane og samlast på Terningmoen i Elverum.
Rekruttutdanninga på Terningmoen skal utvidast gjennom modernisering og nyetablering av kapasitetar i leirområdet og dimensjonerast for å kunne utdanne om lag 1800 rekruttar fire gonger i året, frå om lag 300 i dag, skriv Forsvarsdepartementet i ei pressemelding.
– Folka er Forsvarets viktigaste ressurs. Vi må ha nok folk med rett kompetanse til rett tid. Den vidare oppbygginga av Forsvaret krev at vi aukar utdanningskapasiteten. Vi er allereie godt i gang med tiltak, men vi vil trenge fleire folk med fagmilitær kompetanse framover, seier forsvarsminister Gram (Sp).
Oppbygginga av Forsvarets struktur vil krevje ein gradvis auke i talet på vernepliktige inne til førstegongsteneste kvart år frå om lag 9000 i dag til om lag 13 600 i 2036, om lag 4 600 fleire.
Leier sivil infrastruktur
For å leggje til rette for rask auke av utdanningskapasiteten vil Forsvaret leige sivil infrastruktur på Terningen Arena og tidlegare nedlagde Haslemoen leir blir vurdert inntil Terningmoen er fullt utbygd, etter planen i 2036.
Dette vil også frigjere kapasitet i Rena leir der noko rekruttutdanning blir gjennomført i dag, ifølgje Forsvarsdepartementet.
Rekruttutdanninga på KNM Harald Haarfagre, Madlamoen, i Stavanger blir vidareutvikla og blir modernisert for å dekkje auka behov for vernepliktige også i Sjøforsvaret og Luftforsvaret. Rekruttutdanning på Høybuktmoen for grenseoppdraget, og Sessvollmoen for militærpolitiet blir vidareført.