Allereie som 20-åring hadde krimforfattaren debutert med ei diktsamling inspirert av jentene på Emma Hjorts hjem.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Då eg var tjue år, hadde eg debutert som lyrikar på Gyldendal Norsk Forlag. Eg jobba på Emma Hjorts hjem utanfor Sandvika, og eg hadde ein liten hybel. Dikta handla om dei sytten jentene som var pasientane våre.

Det skriv forfattar Karin Fossum (69) i ein e-post til Framtida.no.

Emma Hjorts hjem var mellom 1898 og 1996 ein institusjon for personar med psykisk utviklingshemming i Akershus. Diktsamlinga inspirert av arbeidet på institusjonen, Kanskje i morgen, gav Fossum, då med jentenamnet Mathisen, Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Krimdronning

I dag er forfattaren mest kjend for ein annan sjanger, nemleg kriminallitteratur. Karin Fossum er ein av Noregs største krimforfattarar. Ho har vunne krimprisen Rivertonprisen to gonger, vore nominert til den internasjonale krimprisen The Gold Dagger og fekk i 2000 den prestisjetunge Brageprisen for kriminalromanen Elskede Poona.

No er forfattaren aktuell med krimboka Farvel, Farah Diba, som ho vart nominert til Rivertonprisen for.

Bob Dylan og viktige tekstar

Litteratur var òg ein stor del av livet til 20 år gamle Karin. Ho las alt ho kom over av litteratur, og særleg lyrikk, sidan ho sjølv hadde gitt ut ei samling.

– Men eg las også andre ting, og når det gjaldt musikk høyrde eg på Bob Dylan, og elles all musikk som ville noko, i betydning, tekstane var viktige.

Karin Fossum lytta til Bob Dylan som 20-åring. Foto: Rowland Scherman, offentleg eigedom via Wikimedia Commons.

Fossum var 20 år i 1974. Ho hugsar at Vietnamkrigen heldt på og at mange var opptekne av han.

– Det same gjaldt kvinnesaka. Sjølv var eg mest opptatt av annleisheit og korleis vi behandlar menneske med færre ressursar.

– Eg følte sterkt at eg ville jobbe med menneske av alle slag som trong hjelp.

Opptatt av viktige ting

Ein viktig person i livet til Fossum på den tida, var forfattar Finn Carling.

– Han møtte eg ofte i Slyngveien der han budde, og han hjelpte meg å skrive.

Finn Carling hadde alvorleg cerebral parese, noko han skreiv om i fleire av bøkene sine. Å vere annleis var eit gjennomgåande tema i forfattarskapet hans, og er noko også Karin Fossum er oppteken av. Foto: Rigmor Dahl Delphin – Oslo Museum via digitaltmuseum.no., CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons

Fossum tenkte ikkje noko spesielt om framtida, og levde mest i augeblikket, ho hadde liksom nok med det.

– Om meg sjølv som tjueåring, så ville eg ha tenkt, at eg var ei jente som var opptatt av viktige ting, ikkje overfladiskheiter som utsjånad eller sånne ting.

Ho skildrar seg sjølv som eit ungt menneske med mykje alvor i seg.

– Eg ville ha gitt følgjande råd: Livet ditt kjem til å bli tøft. Men det kjem til å ordne seg for deg.