Som 20-åring gjekk forfattaren inn i ei tid prega av alvor: – Vi hadde lite å leve av.

– Vi måtte klare oss sjølv og gjekk ut av døra med kvar vår dyne. Det var det einaste vi eigde.

Det sterkaste minnet Unni Lindell har frå då ho var 20 år gamal, er at ho, like før jul, oppdaga at ho var gravid. På den tida budde ho framleis i den vesle blokkleilegheita foreldra hennar hadde på Løkeberg. Kjærasten budde heime hos sine foreldre.

– Vi fekk leigd ei leilegheit i eit tømmerhus av ei russisk dame i Asker, til 500 kroner i månaden. Det var maks det vi hadde råd til. Vi skulle måke og vaske for ho, minnest forfattaren.

Noregs krimdronning

I boka tek Lindell for seg partnarvald, og er oppteken av det urettferdige i at kvinner alltid skal måtte passe  seg for farlege menn. Omslag: Bonnier Forlag

I dag ligg Unni Lindell i toppen av bestseljarlista med krimromanen «Fremmedlegeme». Det er den andre boka i ein ny serie om den unge politibetjenten Lydia «Snø» Winther.

Lindell har fått tilnamnet «Noregs krimdronning». Ho tok den norske bokmarknaden med storm med bøkene om førstebetjent Cato Isaksen og seinare Mariann Dahle, og har elles markert seg med ei rekkje bøker for barn og unge.

Unni Lindell har vunne Rivertonprisen to gongar og selt over 7 millionar bøker.

Student på Blindern

Allereie som 20-åring visste Lindell at det ho ville i livet, var å skrive og bli forfattar.

– Eg gjekk på Blindern og studerte fransk. Ved sidan av tok eg journalistutdanning, fortel ho på e-post til Framtida.no.

Ho var medlem Bokklubben, og på fritida slukte ho alt av kvinnelitteratur.

– Eg hadde ein liten jobb ved sidan av studia, i Sandvika bokhandel. Alle pengane gjekk til tog og trikk til Blindern. Og til bøker. Gerd Brantenberg, Sidsel Mørck, Bjørg Vik, Herbjørg Wassmo, Vita Andersen, Erica Jong og Suzanne Brøgger.

Men det var ikkje berre skjønnlitteraturen som opptok den komande forfattaren. Lindell følgde òg med på politikk.

Året var 1977, og Lindell minnest at ebola nettopp var oppdaga.

– Det hugsar eg godt, for det var skremmande og det blei sagt at det ville spreie seg til heile verda.

Elles minnest ho at dansefilmen Saturday Night Fever med John Travolta gjekk som ein farsott.

Gifta seg med rett menneske

Den viktigaste personen i 20 år gamle Unni Lindell sitt liv var kjærasten Per Christian, som ho hadde vore saman med sidan ho var sytten.

Om ho no møtte seg sjølv som 20-åring, ville ho tenkt at det kom til å gå bra til slutt, men at ho måtte gjennom tunge år i nærmaste framtid.

– Då eg var 24 hadde eg to små søner. Då eg var 25 døydde mi elska mor. Så døydde far min. Og i midten av trettiåra var eg heile min families eldste.

– Men eg hadde gifta meg med rett menneske. Vi har kvarandre framleis.

Unni Lindell gifta seg med kjærasten Per Christian Garnæs. Dei held framleis saman. Foto: privat / kollasj: Framtida.no

– Mirakel skjer ikkje av seg sjølv

20-årsdagen hugsar Unni Lindell godt.

– Han blei feira med vennar heime i foreldra mine si vesle blokkleilegheit på Løkeberg. Stinn brakke.

– Her er eg 20 år. Gjekk på Blindern. Livet låg framføre meg, fortel Unni Lindell. Foto: Privat

Lindell fortel at ho ikkje lenger følte seg «ung», og legg til at ho føler seg yngre no enn då. Det var ei tid prega av alvor.

– Eg var gift og vi fekk ein liten gut å forsørgje. Studia måtte droppast, og takast opp seinare. Mannen min studerte. Vi hadde lite å leve av.

– Eg var dagmamma for to i tillegg til min og byrja å skrive krimnoveller til A-magasinet. Alle blei antekne. Eg fekk godt betalt for dei. Eg BYRJA å skrive i tømmerhuset i «skogen» medan eg var heime med barnet mitt.

Om Unni (65) skulle gitt eit råd til Unni (20), ville det vore at ho aldri skal gi opp skrivedraumen.

– Men mirakel skjer ikkje av seg sjølv. Du må ville dei!


Foto: Maxim Hopman, Unsplash, BBC, Heiko Junge / NTB, kollasj Framtida.no
ANNONSE