Djupare konfliktar i nye «Ronja Røverdatter»

Villvettene er grimmare og konfliktane djupare når serien «Ronja Røverdatter» omsider får premiere. Det dukkar også opp nye karakterar.

NPK-NTB-TT
Publisert

– Vi ville fordjupe relasjonane, seier manusforfattar Hans Rosenfeldt om manuset han har skrive til den nye TV-serien «Ronja Røverdatter», der første del blir å sjå på Netflix frå 28. mars.

– Det er kjempemorosamt at vi har fått høve til å gjere ein så brei versjon, seier Kerstin Linden (15), som speler sjølvaste Ronja.

Mørk som boka

Huldretussene lurer framleis på «hvafördådå?» og villvettene krinsar som vanleg over Mattisborgen. Men når Astrid Lindgren-klassikaren blir sleppt som TV-serie 28. mars, 40 år etter førre dramatisering, er ein del også annleis.

– Boka er svært mørk om ein samanliknar med den første filmatiseringa. Det synest eg at vi har fanga, og det liker eg, seier Kerstin Linden.

Hans Rosenfeldt fekk ikkje finne på heilt nye innslag av aksjeselskapet som forvaltar arven til forfattaren, men kunne altså få utvikle element som var nemnde i boka.

Til dømes held futane – som i boka svirrar rundt i skogen utan å påverke handlinga – i TV-serien til i ein by som Rosenfeldt skreiv fram. Der får dei selskap av to kvinnelege dusørjegerar.

– Ekte kjensler

Astrid Lindgren styrte ikkje unna sorg, sinne eller andre store kjensler som barn opplever, i forfattarskapen sin. Det har Hans Rosenfeldt halde fast ved. Dette er ein familieversjon, og han meiner ein bør vere minst sju år gammal for å sjå han.

– Ikkje berre på grunn av villvettene, men også fordi det er ekte sorg og raseri. Det er store kjensler mellom ekte menneske, det kan vere minst like skremmande for barn, seier Rosenfeldt, som siktar seg inn mot same publikum som voks opp med «Harry Potter» og «Ringenes Herre».

Han ønskte også å gjere relasjonane djupare. No får ein til dømes vite bakgrunnen til hatet mellom Mattis og Borka.

Alfahannen Mattis, Ronjas pappa, blir spelt av Christopher Wagelin. Han valde å skjerme seg frå alle forventningar, så vel som for Börje Ahlstedts kjende tolking av same rollekarakter. Han ser nyansane i Mattis identitetskrise når dottera går sin eigen veg.

– Det er svært få gonger ein får gjere roller som har alle nyansar. Mattis har verkeleg det farlege, det aggressive, det barnslege, det sårbare, det sikre og det usikre. Det er ein flott karakter å få gestalte, seier Wagelin.

Birk er sårbar

Netflix-serien viser heilt ulike heimeforhold for Ronja og Birk. Medan Ronja får uavgrensa med kjærleik, er Borka-klanen fattige, og Borka – spelt av Sverrir Gudnason – er hard mot sonen. Sårbarheita det gir var utfordrande å finne fram til, synest Birk-skodespelar Jack Bergenholtz-Henriksson (14).

Kerstin Linden (15) elskar at det er jenta som får vere sterk.

– Det er det Astrid Lindgren valde, og det kan vere ein grunn til at forteljingane hennar er så utruleg bra, trur den unge skodespelaren.

Både «Birk» og «Ronja» synest at «Ronja Røverdatter» er den beste av Lindgrens forteljingar. Bergenholtz-Henriksson meiner fantasyinnslaga held mål også for dagens unge, og seier om det som er i vente:

– Det er verkeleg heftige greier, det ser sjukt bra ut. Dette blir skummelt for alle.