Desse speler Ronja Røvardotter og Birk Borkason i ny tv-serie

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er nye Ronja og Birk

Etter nærare 4000 prøvespelingar over heile Sverige, er valet no teke: Det er 14 år gamle Kerstin Linden frå Stockholm som skal spele røvardottera i TV-serien.

– Det er så utruleg kult å få gjere tolkinga mi av Ronja Røverdatter. Sjølv om boka og filmen om Ronja kom ut lenge før eg vart fødd, så har eg både lese og sett han mange gonger. Eg elskar verkeleg denne historia, seier den unge skodespelaren via pressemeldinga.

Ros for «Utvandrerne»

Kerstin Linden ser vi for tida i rolla som Lill-Märta i Erik Poppes «Utvandrerne». Og ho har mellom anna treft ein nerve hos NRK filmpolitiet. Frå dei heiter det mellom anna: «Av barna må Kerstin Linden bli trekt fram, for hennar gode prestasjon som Lill-Märta gir nokre sørgelege bilete på kor utsette migrantbarn kan vere».

Innspelinga av Viaplays Ronja-serie har akkurat starta opp, og det er også klart at Jack Bergenholtz Henriksson har landa rolla som vennen, Birk Borkason.

– Det kjennest utruleg stort å få vere ein del av ei superkjend historie. Eg ser verkeleg fram til å få spele Birk, seier han.

Pressefoto: Audrius Solominas

Christopher Wagelin har fått rolla som Mattis, Krista Kosonen spelar Lovis, Sverrir Gudnason blir å sjå som Borka – medan Maria Nohra ikler seg rolla som Undis.

Premiere i 2023

Astrid Lindgrens historie om dei unge røvarane vart første gong publisert i 1980, og boka har så langt selt i elleve millionar eksemplar verda over. I 1984 vart boka smidd om til filmformatet, i regi av Tage Danielsson.

Ronja Røverdatter (Hanna Zetterberg) flyttar ut frå Mattisborga i protest, men får Lovis-brød frå mora Lovis (Lena Nyman).

TV-serien om Ronja Røverdatter skal bestå av tolv episodar som er delt inn i to sesongar. Manuset er skrive av «Broen»-skapar Hans Rosenfeldt, og første sesong ut får regi av «A Royal Affair»-regissøren Lisa James Larsson.

Tidlegare er det meldt at det vert sikta mot premiere på Viaplay i 2023.


Marie Aubert (40) gjekk inn i rolla som Ronja Røverdatter då ho var lita. Foto: Agnete Brun, Forlaget Oktober