Marikken (28) leier den første ungdomsorganisasjonen for skogfinnar

Leiaren av den ferske organisasjonen skulle gjerne høyrt forfedrane snakke det skogfinske språket.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg ønsker å vere ein inkluderande og rettferdig leiar. Det er mange dyktige leiarar. Eg håper eg kan skape engasjement og glede, og dessutan at vi alle kan lære meir om vår minoritet.

Det skriv Marikken Bruvold i ein e-post til Framtida.no. Ho er leiar for den første ungdomsorganisasjonen for skogfinnar i Noreg. Organisasjonen vart skipa i januar i år.

Dei håpar å gjere skogfinnar meir synlege i samfunnet.

Marikken Bruvold

Alder: 28 år

Personleg pronomen: ho/henne

Frå: Åsnes Finnskog

Yrke/utdanning: frisør

Favorittfag på skulen: kunst og handverk

Medlem i: Åsnes Finnskog Historielag / Skogfinske interesser i Norge og sjølvsagt Unge skogfinner


– Vi ønsker å samle ungdom som er nysgjerrige på skogfinnar som minoritet.

Skogfinnar

Unge Skogfinner i Norge/Norjan Metsäsuomalaisnuoret skildrar seg sjølv som ein organisasjon for skogfinnar og skogfinnevennar i aldersgruppa 15-35 år. Dei har ambisjonar om å synleggjere skogfinnar og skape eit trygt miljø og møteplassar der unge skogfinnar kan vere seg sjølv og finne ut av kva ein skogfinsk identitet inneber i dagens samfunn.

Skogfinnar er ein av dei nasjonale minoritetane i Noreg. Dei er etterkommarar av finske innvandrarar som kom til Noreg på 1600-talet.

Skogfinnane busette seg særleg i skogområde der det ikkje budde nordmenn, og ein reknar Finnskogen i Hedmark som kjerneområdet deira. Dei har tradisjonelt livnært seg av svedjebruk, der ein brenn ned skog for å dyrke rug.

Det er vanskeleg å seie kor mange det er i Noreg som har skogfinsk slekt i dag på grunn av fornorskingspolitikken som har blitt ført.

Vil auke kunnskapen

Marikken Bruvold fortel at onkelen hennar Terje Audun Bredvold, som er styreleiar i moderorganisasjonen Skogfinske interesser i Noreg, har bidrege til å vekkje engasjementet hennar for det skogfinske.

I tillegg let ho seg inspirere av Kvenungdommen, som ho synest gjer mykje bra.

– Kva er dine hjartesaker?

– Det er å kunne auke kunnskapen til det norske folk om nasjonale minoritetar og forhåpentlegvis gje unge ein møteplass, svarar 28-åringen frå Åsnes Finnskog. 

Ho meiner likeverd og likestilling er viktig for å skape eit idealsamfunn.

Vil høyre språket

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? 

– Det ville vel vore ein skogfinne/forfader for å høyre korleis det var å leve og for å høyre språket dei hadde.

Marikken Bruvold føretrekker kattar. | Foto: Privat

Under fornorskinga på 1800-talet var det mange skogfinnar som slutta å snakke finsk. Fleire skogfinnar prata lenge ein variasjon av finsk fram til 1900-talet, men språket er no utdøydd. Mange finske namn vart òg fornorska i møte med norsk byråkrati. Det er likevel fleire stadnamn på Finnskogen med skogfinsk opphav i dag.

Draumenyheit

– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?

– Godt spørsmål, må vel vere at det ikkje er krig eller svolt i verda meir.

– Kva gjer du på fritida/hobbyar?

– Bakar, heklar og trenar.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Det er nok mobiltelefonen.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Via e-post, Skogfinske interesser i Norge, Instagram og Facebook.


Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese? 

Omslag: Bastion

– A streetcat named Bob. Den er rørande, kva ein liten katt kan gjere for ein narkoman herremann som lever på gata i England og gjer at han får livet på stell igjen. Som faktisk er ei sann historie.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Ser ikkje på seriar eigentleg, men såg Oppsynsmannen og syntest den var skremmande bra.

Frå «Oppsynsmannen» med Bård Tufte Johansen.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Mange låtar, men skal eg velje éin så er det kanskje Happy med Pharrel Williams.