21 land i Europa tillèt likekjønna ekteskap – sjå kartet

Amnesty er likevel uroa for tilhøva for skeive i fleire europeiske land.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Tidlegare i februar vedtok den greske nasjonalforsamlinga å legalisere ekteskap for likekjønna par. Statsminister Kyriakos Mitsotakis frå høgrepartiet Nytt Demokrati fekk støtte frå opposisjonen til å få gjennom vedtaket, medan ein tredel av hans eige parti røysta mot eller avstod frå å røyste.

Hellas vert dermed det 21. landet i Europa som gir like rettar til ekteskap for likekjønna par. I tillegg er det fleire land som opnar for partnarskap, der rettane kan variera frå land til land.

I nokre land gir partnarskap meir eller mindre tilsvarande rettar som ekteskap, medan andre land har avgrensa rettar for likekjønna par. I Estland, Tsjekkia, Montenegro og San Marino har til dømes likekjønna partnarar ikkje rett til å adoptere barn saman.

Ein fersk partnarskapslov i Latvia gir likekjønna par rett til sjukehusbesøk, i tillegg til visse skatte- og velferdsfordelar.

– Viktig milepæl

Patricia Kaatee, politisk rådgivar i Amnesty International Norge, meiner det ferske vedtaket i Hellas representerer ein viktig milepæl i kampen mot homofobi og transfobi. Likevel trekker ho fram at retten til ekteskap ikkje dermed løyser alle former for diskriminering av likekjønna par:

– Lova kjem til kort når det gjeld å gi full likestilling til ikkje-biologiske foreldre, og unnlét å gi likekjønna par enklare tilgang til assistert befrukting, skriv Kaatee på e-post til Framtida.

– Greske styresmakter må ikkje berre sikre rask og effektiv implementering av den nye lova, men bør òg innføre ytterlegare lovendringar for å garantere full likestilling for LHBTQI+-personar og familiane deira, skriv ho.

Stor utfordring med hatefulle ytringar

Sjølv om rettane til LHBTQI+-personar går framover i Europa, er Amnesty bekymra over hatefulle ytringar mot skeive, frå politikarar, religiøse leiarar, høgreorienterte organisasjonar og andre. Kaatee viser til at slike ytringar er utbreidde og aukande over heile Europa.

– Dette er eit reelt problem med alvorlege konsekvensar for menneske og lokalsamfunn, og det skjer også i land der det er allment anteke at LHBTQI+-personar vert gradvis aksepterte. Hatefulle ytringar i alle sine former legg til rette for faktisk fysisk vald mot skeive, skriv ho.

Kaatee viser til at det i 2022 vart gjennomført valdelege angrep på skeive utestader i både Noreg og Slovakia, der til saman fire personar vart drepne og 22 personar skadde.

Patricia Kaatee er politisk rådgivar i Amnesty International Norge. | Foto: Amnesty International Norge

Rettar på tilbakegang

Kaatee er særleg bekymra over utviklinga i skeives rettar i Ungarn. Der har transpersonar blitt fråtekne retten til endring av juridisk kjønn, og positiv omtale av skeive overfor mindreårige er forbode.

I Tyrkia vert skeive organisasjonar knebla, og i Russland vert skeive aktivistar stempla som «ekstremistiske».

På den andre sida har det vore ei positiv utvikling i Latvia. Landet vedtok i november ei ny lov som tillét registrert partnarskap for likekjønna par.

– Vi håpar på ei tilsvarande positiv utvikling i Polen og øvrige baltiske land, skriv Kaatee.


Pride-parade i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg