Vekas viktigaste: Flyktningvedtak i Drammen, indonesisk val og likekjønna ekteskap i Hellas
Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg, AP Photo/Reed Hoffmann, AP Photo/Fatima Shbair
Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Åshild Slåen
Publisert
Israel planlegg bakkeinvasjon av Rafah
Israel har informert om at dei planlegg ein bakkeinvasjon av Rafah, den sørlegaste delen av Gazastripa, der det no bur over 1,5 millionar menneske. Dei har allereie gjennomført luftåtak. USA, Kina, Jordan og fleire andre land har denne veka uttrykt bekymring for sivile dødsfall dersom Israel gjennomfører invasjonen.
Noregs utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) har gått ut og sagt at han fryktar eit blodbad.
Rafah er ein by som vanlegvis har rundt 200 000 innbyggjarar, men grunna åtaka frå Israel lenger nord, har innbyggjarane der flykta sørover til område som fram til no har vore omtala som trygge frå israelske åtak.
Palestinarar ser på skadane ved eit bygg i Rafah der israelske gissel skal ha blitt haldne fram til ein operasjon frå det israelske militæret 12. februar. | Foto: AP Photo/Fatima Shbair
Drammen kommune vil berre ta imot ukrainske flyktningar
Det borgarlege fleirtalet i Drammen kommunestyre gjekk tysdag inn for å berre ta imot ukrainske flyktningar.
Kommunen vart originalt bede om å ta imot 350 flyktningar av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, men kommunedirektøren tilrådde 250. Den politiske leiinga nedjusterte talet til 125, og meiner kommunen allereie har teke imot mange flyktningar, som har ført til problem med integrering. Av dei 104 000 menneska som bur i kommunen, er 25 prosent frå eit anna land enn Noreg.
Drammen rådhus. | Foto: Vif12vf, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
Val i Indonesia
Indonesiarar stemte denne veka over kven som skal leie landet deira dei neste fem åra. Med over 200 millionar med stemmerett i det tredje største demokratiet i verda, tek det tid før alle stemmene er talde opp. Ei uoffisiell førebels oppteljing som er gjort med eit utval stemmer viser at den 72 år gamle forsvarsministeren Prabowo Subianto har fått 57 til 59 prosent av stemmene. Ved dei tidlegare vala i Indonesia har desse oppteljingane vore ein god indikasjon på resultatet. For å bli president i Indonesia må ein ha over 50 prosent av stemmene.
På 90-talet var Subianto general i ein del av militæret som vart knytt til forsvinningar og tortur, særleg i då okkuperte Aust-Timor. Han har nekta for desse skuldingane.
No har den tidlegare generalen erklært siger, men dei to motstandarane har ikkje vedgått tap. Det kan ta fleire månader før det offisielle resultatet er klart.
Indonesia blir rekna som det tredje største demokratiet i verda, og det er mykje arbeid å gjere klar stemmeurnene i eit land med over 200 millionar med stemmerett. | Foto: AP Photo/Vincent Thian
Rundt ein million menneske skal ha vore samla for feiringa, og det skal ha vore barn blant dei skadde etter skytinga.
President Joe Biden har uttrykt sympati med dei ramma, og brukte høvet til å argumentere for strengare våpenlover.
Politiet kontrollerer området i Kansas City etter ei skyting 14. februar. | Foto: AP Photo/Reed Hoffmann
Økokrim ber om over 3 år fengsel for Anders Besseberg
Denne veka vart rettssaka mot den tidlegare presidenten i Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU), Anders Besseberg, avslutta. Økokrim bad Buskerud tingrett om at han blir dømt til 3 år og sju månader fengsel, og ei bot på éin million kroner.
Besseberg er skulda for å ha teke imot bestikkingar, i form av dyre klokker, prostituerte og jaktturar. Den offisielle tiltala er for grov korrupsjon medan han var president i IBU. Han nektar for desse skuldingane.
Rettssaka har føregått sidan 9. januar. Dommen i saka vil etter planen bli lesen opp i Buskerud tingrett 12. april, skriv NRK.
Anders Besseberg, her frå skiskyttar-VM i Kontiolahti i Finland i 2015, då han framleis var president i IBU. | Foto: Vidar Ruud / NTB
Likekjønna ekteskap blir lovleg i Hellas
Torsdag 15. februar stemte fleirtalet i den greske nasjonalforsamlinga for å legalisere likekjønna ekteskap. Hellas er det fyrste ortodokse kristne landet som gjer dette.
Av dei 300 representantane i parlamentet stemte 176 for forslaget, og 76 stemte mot. Resten avstod frå å stemme. I tillegg til ekteskap, gjer lova det enklare for likekjønna foreldre å adoptere barn.
Hellas har hatt likekjønna partnarskap sidan 2015.
Pride-parade i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg
Nyheitsbrevet kjem fredag morgon. Dersom du vil at vi skal fjerne deg frå lista er det berre å klikke på avabonner nedst i e-posten.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.