Rekordmange norske studentar drog på utveksling i fjor
Aldri før har så mange norske studentar drege på utveksling som i fjor. Australia var spesielt populært.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
8084 studentar hadde studieopphald i utlandet. Året før var det 7175 studentar som drog utanlands for å studere eitt eller fleste semester, og tala for 2023 er også høgare enn før pandemien.
– No er det fleire som dreg på utveksling enn nokon gong, og tala er høgare enn dei var før pandemien, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, i ei pressemelding.
Studentutveksling handlar om å ta eit kortare studieopphald utanlands, typisk eitt semester.
Australia er ein favoritt blant norske studentar, og det var 1360 som drog dit i fjor.
● Les også: Even (21) studerer i USA: – Hardt på lommeboka