Raud Ungdom har suspendert fem medlemmar
Ungdomspartiet har suspendert fem medlemmar i tolv månadar. To av desse skal ha sete i sentralstyret før dei vart suspendert, melder Aftenposten.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Raud Ungdom-leiar Liv Smith-Sivertsen stadfestar til Aftenposten at fem medlemmar vart suspendert under landsstyremøtet i helga.
– Vedtaket blei gjort fordi ein meiner dei relevante medlemmane har brote med vedtektene og skada organisasjonen, seier ho til avisa.
Partileiaren avviser at det handlar om ein maktkamp i partiet.
– Eg håpar at me no kan klara å leggja frå oss intern usemje og fokusera på å driva med politikk. Framover blir det avgjerande at ein klarar å stå samla i møte med dei sterke høgrekreftene som trugar samfunnet vårt, seier ho til Aftenposten.
Dei fem suspenderte har høve til å anka avgjerda til klagenemnda. Nemnda avgjer då om klaga skal takast opp på landsmøtet i april.